Fransk CS-kaptein toppa skattelistene i Askvoll etter sal av Pokemonteikningar på Dana Cup

DEL

I dagens episode, fleskar Tempopodden til med ein gjest som kan titulere seg som både eks Florø-kaptein, Eikefjord-flopp og potensiell Tempo-legende. Vi snakkar sjølvsagt om sjølvaste Super-Rex, André Reksten.

Som om ikkje det var nok, får han selskap av Tempopoddens faste nødinstans, Ole-Kristian Berg Seljeseth.

Øvst på agendaen, er eit unikt innblikk i André si reise frå Counter Strike-entusiast og frilans Pokémon-teiknar, til kapteinsbind og spel i OBOS-ligaen.

I tillegg til dette, blir det mellom anna vurderingar rundt dommarstanden på bredde- og toppfotballnivå, sanninga bak opphavet til Stimen, tidenes eldste spelar som har blitt utvist på Dana Cup, og som ein kvar fotballpodcast med respekt for seg sjølv: rangering av mannerumper.

Artikkeltags