Superduell på 100 meter

STORNAMN: Francis Obikwelu gjer comeback etter to års skadeabrekk på Florø stadion laurdag. Han har den europeiske rekorden på 100 meter og vil matche Ndure i sesongopninga laurdag. NTB

STORNAMN: Francis Obikwelu gjer comeback etter to års skadeabrekk på Florø stadion laurdag. Han har den europeiske rekorden på 100 meter og vil matche Ndure i sesongopninga laurdag. NTB

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Det blir Europas raskaste mot Norges raskaste på Florø stadion laurdag.

DEL

Den nigeriafødde portugisaren Francis Obikwelu er ei kjempesignering for Florø Friidrettsfestival.

Obikwelu har OL sølv i frå dei olympiske leikane i Athen 2004. Då vann han på tid 9.86 som også er den ståande europarekorden på distansen. No kjem han til Florø og skal gjere comeback på i friidrettssirkuset. Elitekoordinator Ståle Jan Frøynes er naturlegvis i hundre over å få sikra seg toppnamnet.

– Dette vil gjere sesongdebuten til «Jays» (Jaysuma Saidy Ndure) meir interessant, seier Frøynes.

Med rette. For Obikwelu har vore skadd dei to siste sesongane og er no tilbake med overskot. At han vel å komme tilbake nettopp i Florø er ei fjøyr i hatten for stemneleiinga.

– Jays har vore så suveren i Florø at det har vore vanskeleg å finne utøvarar han kan måle seg opp i mot, seier Frøynes.

Obikwelu på plass vil gjere sesongdebuten til Jays på laurdag mykje meir interessant.

Ståle Jan Frøynes

Elitekoordinator

Raske og dyre

For dei raskaste mennene i verda har naturlegnok stor interesse, men også ein prislapp Florø Friidrettsfestival aldri har hatt finansielle musklar til å løyse inn. Men Florø Friidrettsfestival har likevel henta toppnamn år etter år og denne gongen var ikkje noko unntak.

Rett nok er europarekordhaldaren og den åttande raskaste mannen gjennom verdshistoria eit scoop i seg sjølv, men duellen mellom Obikwelu og Jays blir som sagt langt meir interessant då utfallet ikkje er gitt på førehand. Vi minnar om i fjor då Jays var to gongar under 10.00 på 100 meteren i Florø.

Frøynes reknar med at Obikwelu fekk nyss om stenet i Florø via Jays som han kjenner godt frå før.

– Obikwelu vart veldig interessert i å springe i Florø då han her vil få kvalifisert motstand i det aller første løpet i combacket, fortel Frøynes.

Europatoppen

Det er berre 83 menn i verda har vore under 10 blank på 100 meteren. To av dei som framleis er aktive skal springe i Florø laurdag. Og ikkje nok med det: Skal vi sjå på dei raskaste mennene i vår verdsdel er det berre seks namn som har vore under den magiske 10.00-streken. Nemnde Obikwelu og Jaysuma Saidy Ndure, britiske Lindford Christie som har vore i radaren til festivalen før. Franskmennene Lamaitre og Pognon og hollandske Churandy Martina er dei andre europearane under 10 blank på formel 1-øvinga.

Artikkeltags