Framtid, flaut og dikt til Florø. Her er podcasten denne veka

PODCAST: Magnus B.Nygaard, Arne Hjorth Johansen og Benjamin M. Thuen i Podcast-panelet

PODCAST: Magnus B.Nygaard, Arne Hjorth Johansen og Benjamin M. Thuen i Podcast-panelet Foto:

PODCAST: Benjamin Mellingen Thuen, Magnus Brekke Nygaard og Arne Hjorth Johansen er i podcast-panelet denne veka.

DEL

Verken Benjamin, Magnus eller Hjorthen har pådratt seg korona-viruset hittil. I podcasten denne veka kjem det fram at nokon har begynt å synge «Bæ bæ vesle lam» medan dei vaskar hendene for å sikre at handvasken blir lang nok. Andre held seg til handsprit for å halde sjukdommen på avstand.

Tema for podcasten denne veka er veldig laust. Det skulle handle om framtid og flaut, og då var vegen kort til den gongen Magnus prøvde å sjekke opp Ingebjørg Bratland på Instagram med eit skifertak han ikkje hadde. Det kunne sjølvsagt ikkje gå bra.

Hjorthen kan elles fortelje om si mislykka militærkarriere, og at han har vore på pub i Oslo, og fått ein poet til å skrive eit dikt til sjølvaste Florø. Diktet blir lest opp på direkten, til glede for alle lyttarane våre.

Du finn podcasten på Spotify og andre podcasttenester, og du kan sjølvsagt høyre den akkurat her. God helg!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken