- Djuvik er på ein annan planet

LIKAR IKKJE: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) meiner Frank Willy Djuvik er på ein eigen planet.

LIKAR IKKJE: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) meiner Frank Willy Djuvik er på ein eigen planet.

Artikkelen er over 4 år gammel

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er rysta over Frank Willy Djuvik (Frp).

DEL

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes fortel ho har jobba hardt for at fylket skulle stå samla om ein felles rutestruktur for Sogn og Fjordane. Måten Frank Willy Djuvik har jobba for å kjempe fram ei heilkommersiell lufthamn i Florø, opplever ho som rystande.

- Det verkar på meg som om Frank Willy Djuvik er på ein annan planet enn alle oss andre. Eg jobbar for at fylket skal ha best mogeleg samferdsletilbod, og eg jobbar for at eit breiast mogeleg fleirtal i fylkestinget skal stå bak. Og her har også Djuvik vore med. Men så blir det direkte motarbeidd. Dette er arbeidsmetodar eg vil kalle ein dårleg kultur.

- Han seier noko, og gjer noko heilt anna

"Ei kommersialisering av flyrutene i Sogn og Fjordane vil truleg medføre eit dårlegare flytilbod med færre avgangar og høgare billettprisar, fylkesutvalet i Sogn og Fjordane vil difor ikkje tilrå ei kommersialisering av rutene mellom Sogn og Fjordane og Bergen/Oslo."

Dette er ordlyden i fråsegna Frank Willy Djuvik røysta for i fylkesutvalet 5. november 2014. Dette meiner Kjelsnes er ei forklaring åleine. 

- For meg er det ubegripeleg at ei folkevald i Flora og i Sogn og Fjordane ser heilt snevert på sitt eige parti sin politikk utan å halde seg til vedtak ein sjølv har vore med på. Partipolitikk driv vi alle, men vi held oss til det vi sjølve har vore med å stemt, og vi held oss til fleirtalsvedtak, seier Kjelsnes.

Ho meiner Djuvik seier noko og gjer noko heilt anna. At han på toppen av alt er stolt av dette, synest ikkje fylkesordføraren akkurat er tillitsvekkjande.

Set Florø og regionen i spel

- No er han villig til å sette regionen og kysten i spel. Det som er eit faktum, og det vi har med FOT-rutene, er ei føreseielegheit og eit rutesytstem med kvalitet og freksvens som står seg over tid. No er det opp til ein kvar enkelt aktør kva den ønskjer å levere av ruter. Dette er gambling med framtida til Flora og heile regionen, seier Kjelsnes som meiner ei heilkommersialisering vil råke næringslivet og utviklinga næringslivet over tid. 

- Næringslivet er heilt avhengige av eit godt og stabilt rutenett og god frekvensar, og eg tenker spesielt på offshorenæringa med den store pendlaraktiviteten som skjer der. Dei finn seg ikkje i om dei ikkje veit kva tilbod dei har fire veker fram i tid, poengterer Kjelsnes.

Ho meiner at TØI-rapporten oppsummerer dette tydeleg.

- Rapporten seier at næringslivet som har 95 prosent av trafikken i Florø vil få eit dyrare tilbod og at det vil gi dårlegare frekvens ved ei kommersialisering. Så eg meiner dette ikkje er anna enn å gamble med flytrafikk-tilbodet folk i distriktet er avhengige av, strekar Kjelsnes under.       

Artikkeltags