Utpeika til FrP-topp

Britt Dalsbotten (FrP)

Britt Dalsbotten (FrP) Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Britt Dalsbotten representerer Førde, men er ein kystforkjempar, i følgje Frank Willy Djuvik.

DEL

Bremanger-kvinna Britt Dalsbotten, som representerer Førde FrP, har fått førsteplassen på lista til nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane til Stortingsvalet i 2017. På andreplass står Lars Svein Drabløs frå Eid, og på tredje Rita Navarsete frå Sogndal. Bjarne Holme frå Florø er plassert på ein 8.plass.

Har lova familien valkampfri

- Kor er du, Frank Willy Djuvik?

Frank Willyd Djuvik har lova familien valkamp-fri og er ikkje å finne på nominasjonskomiteen i Sogn og Fjordane FrP sitt framlegg til stortingsliste.

Frank Willyd Djuvik har lova familien valkamp-fri og er ikkje å finne på nominasjonskomiteen i Sogn og Fjordane FrP sitt framlegg til stortingsliste. Foto:

- Eg gav beskjed i sommar om at eg ikkje var aktuell for stortingslista. Det er ganske enkelt fordi eg har vore gjennom nokre valkampar før og gav eit løfte til familien om at denne gongen skulle eg ikkje vere med. Ein valkamp er krevjande for heile familien - i eit heilt år er ein ikkje til stades. Så eg lova familien å prioritere dei denne gongen.

- Ein må heilt ned til 4.plassen på lista for å finne ein representant for kysten?

- Det er rett, men samtstundes er det viktig å hugse på ein ting: Britt Dalsbotten er frå Bremanger og er i Sogn og Fjordane - unnateke meg sjølv - den største forkjemparen for Kystvegen. Ho sat på fylkestinget førre periode og har vist gong etter gong at ho er veldig opteken av utviklinga på kysten. Så så lenge ho blir ståande på topp er eg ikkje redd for at kysten ikkje vert ivareteken, erklærer Djuvik. Han legg til at dersom Dalsbotten blir ståande på topp,  så blir det første gong FrP har ei kvinne på topp på stortingslista si.

- Absolutt på tide!

- Stort kyst-engasjement

Djuvik seier at han og Dalsbotten har "vakse opp saman" i FpU og har kjent kvarandre i mange år.

- Dei tinga ho set seg fore brenn ho veldig for. Etter mi meining er ho ein veldig god kandidat, seier Djuvik, som er godt nøgd med lista.

Han minner om at nominasjonsnemnda vert leia av Miriam Nesje frå Florø.

- Ho har nok har tenkt gjennom kysten sitt perspektiv.

- Den vidare nominasjonsprosessen er at lokallaga i FrP no har tida fram til 19.desember med å komme med merknader og innspel til forslaget. Komiteen er venta å legge fram si endelige innstilling 20.  desember, opplyser Nesje.

Dette er lista:

Plass

Navn Født Lokallag

1

Britt Dalsbotten 1981 Førde

2

Lars Svein Drabløs 1947 Eid

3

Rita Navarsete 1963 Sogndal

4

Hogne Bleie 1967 Vågsøy

5

Anfinn Sjåstad 1964 Selje

6

Marita Gunn Aarvik 1963 Selje

7

Geir Sandvik 1966 Årdal

8

Bjarne Holme 1964 Flora

9

Anders Magne Vik 1947 Stryn

10

Idar Kollsete 1969 Sogndal

Nominasjonsmøtet tar endelig stilling til stortingsliste på nominasjonsmøtet. 28.januar 2017.

Artikkeltags