Vil realisere Stad Skipstunnel

Ketil Solvik-Olsen.

Ketil Solvik-Olsen. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

- Samferdsledepartementet har no bedt Kystverket om å utarbeide eit forprosjekt om Stad skipstunnel, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

DEL

- Samferdsledepartementet har no bedt Kystverket om å utarbeide eit forprosjekt om Stad skipstunnel. Dette er ein del av arbeidet med å utarbeide eit framlegg som kan leggast fram for Stortinget, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

- På bakgrunn av tidlegare undersøkingar går vi no vidare med det største tunnelalternativet i forprosjektfasen. Det betyr at hurtigruteskipet MS Midnatsol kan segle gjennom tunnelen, seier samferdsleministeren.

Stad skipstunnel er omtalt i Nasjonal transportplan 2014-2023 og er eit viktig prosjekt på Vestlandskysten. Skipstunnelen vil ha betydning for den kystgåande delen av skipsfarten og næringslivet regionalt. Den vil og redusere ulykkesrisikoen forbi same stad.

Milepæl

Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, seier i ei pressemelding at dette er ein viktig milepæl i arbeidet med å få bygd Stad Skipstunnel.

- Etter 19 utgreiingar vil dette fullføre og sette punktum for planlegginga, og vil være i rute til rulleringa av NTP i 2017. Høgre/FrP-regjeringa leverer slik som ein har lova. Det er eg svært glad for, seier han.

Gruppeleiar i Sogn og Fjordane FrP, Frank Willy Djuvik, seier at  regjeringa no har bestilt alt som skal til for å fatte eit endeleg beslutningsvedtak og starte bygginga av Stad Skipstunnel. Tida for utgreiingar er over, no er det tid for handling. Mange har lagt ned eit stort arbeid over mange år for å få fram riktige opplysningar og synnleggjere behovet For Stad Skipstunnel, og idag får dei løn for strevet, seier han.

Neste NTP

Om alt går etter planen vil Stad Skipstunnel være klar til løyving i neste Nasjonal Transportplan 2018-2022, men Djuvik seier at om Kystverket skulle vere klar før, så er det hans meining at det ikkje bør vere noko problem å få oppstart allereie i 2017.

- Regjeringa tek mål av seg til å overoppfylle NTP, og då er dette eit prosjekt ein bør prioritere å framskunde, seier han.

Kystverket leverte i 2011 ei såkalla  konseptvalutgreiing med to ulike alternativ for Stad skipstunnel, liten og stor tunnel. Konseptvalutgreiinga var gjennom ein ekstern kvalitetssikring (KS1) som vart ferdig i 2012, og som gjer anbefalingar og føringar for ein forprosjektfase.

Forundersøkingar

I budsjettet for 2014 vart det løyvd 5 millionar kroner til forundersøkingar om Stad skipstunnel, som grunnlag for å gå vidare med prosessen i eit forprosjekt. På bakgrunn av forundersøkingane er det no beslutta å gå vidare med det store tunnelalternativet i forprosjektfasen. Dette alternativet er dimensjonert for at Hurtigrutas skip MS Midnatsol kan seile gjennom tunnelen.

Forprosjektet skal gjennom ekstern kvalitetssikring fase 2. Når kvalitetssikringa ligg føre kan det leggast fram ei sak til endeleg vedtak i Stortinget.

Artikkeltags