Frp går ut av regjeringa

Oslo 20200120. 
Frp-leder Siv Jensen forteller at partiet går ut av regjeringen på en pressekonferanse i partiets lokaler i Oslo mandag.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

Oslo 20200120. Frp-leder Siv Jensen forteller at partiet går ut av regjeringen på en pressekonferanse i partiets lokaler i Oslo mandag. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix Foto:

Av

Det er samla sett ikkje grunnlag for at Frp blir i regjeringa, seier partileiar Siv Jensen på ein pressekonferanse måndag ettermiddag.

DEL

Frp-leiaren seier at ho meiner at statsminister Erna Solberg (H) framleis er den rette til å styra landet.

– Eg tok oss inn i regjering, no tar eg oss ut av regjering. Me får rett og slett ikkje gjennomført nok av Frps politikk til at det er verdt å bli påført fleire tap, seier Siv Jensen på ein pressekonferanse måndag.

Jensen sa på pressekonferansen at ho er stolt av politikken Frp har gjennomført i regjering dei siste seks og eit halvt åra. At det var utfordringar òg i den første regjeringsperioden med Høgre, men at det var med regjeringsutvidinga problema for alvor byrja.

– Gradvis vart begeistringa meir og meir borte. Over tid har politikken vorte prega av for mange grå kompromiss, sa Jensen vidare.

Det ekstraordinære landsstyremøtet i Frp byrja klokka 12 måndag ettermiddag etter at Frp-leiar Siv Jensen tidlegare på dagen deltok i eit møte med statsminister Erna Solberg (H) på Statsministerens kontor (SMK).

Samtidig med møtet i Frp-landsstyret, der fleire av medlemmene var med per telefon, heldt regjeringsmedlemmene i Høgre, Venstre og KrF eit eige møte ved Statsministerens kontor.

Oslo 20200120. 
F.v.: nestleder Sylvi Listhaug, Frp-leder Siv Jensen, nestleder Terje Søviknes og parlamentarisk leder Hans Andreas Limi  holder pressekonferanse der de forteller at partiet går ut av regjeringen. Pressekonferansen finner sted på en i partiets lokaler i Oslo mandag.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

Oslo 20200120. F.v.: nestleder Sylvi Listhaug, Frp-leder Siv Jensen, nestleder Terje Søviknes og parlamentarisk leder Hans Andreas Limi holder pressekonferanse der de forteller at partiet går ut av regjeringen. Pressekonferansen finner sted på en i partiets lokaler i Oslo mandag. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix Foto:

Støre: Det borgarlege kaoset er komplett

– Ei svekt regjering vil sitje på nåden til eit forsmådd Frp. Det kan gi ytre høgre meir makt og ikkje mindre, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Støre kommenterte Frps utgang frå den borgarlege regjeringa kort tid etter at Frp-leiar Siv Jensen kunngjorde avgjerda.

– Erna Solbergs regjering har kollapsa etter berre eitt år. Det borgarlege kaoset er komplett, og det er dårleg nytt for landet. Meir krangel og uføreseieleg styring vil ikkje løyse problema til dømes i helsevesenet og arbeidslivet, seier Støre i ein e-post til NTB.

Støre understrekar at dei borgarlege partia framleis har fleirtal på Stortinget og meiner dei må ta ansvar for politikken som blir ført.

– Frp kan ikkje frigjere seg frå snart sju år med høgrepolitikk som har ført til at vanlege folk får mindre å rutte med medan dei rike dreg frå, seier Ap-leiaren.

Artikkeltags