Klokka 20. 15 melde vi at alle som har vore utan straum etter at «MS Fjordglytt» køyrde på ein av luftlinjene til SFE laurdag morgon. Det viste seg å vere litt prematurt, for no har SFE gitt kontrabeskjed.

– Vi har dessverre problem med forsyninga til det siste aggregatet. 111 abonnentar er no utan straum igjen. Selvåg, Larsvika, Rindemyr, Rekstad og Rognsøy er råka, vi jobbar med saka, melde kommunikasjonssjef i SFE, Jannicke Lindvik.

21.16 har dei sende ut melding til dei kundane som er råka om at aggregatet er defekt. Nytt aggregat kjem på plass søndag. SFE beklagar ulempa dette medfører.