Ved utgangen av månaden var 5191 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige, opplyser Nav i ei pressemelding.

Over landssnittet i Kinn, under i Bremanger

Dette er ein liten nedgang sidan mai i fjor og under landsgjennomsnittet på 1,7 prosent. Kinn kommune er blant kommunane med flest arbeidsledige - 2,3 prosent, eller 202 personar, 31 fleire enn i fjor. For Bremanger er talet 1,1 prosent ledige, noko som tilsvarer 18 personar, fire fleire enn i fjor på same tid.

– Ledigheita har ikkje vore så låg i mai på over ti år. Men bygge- og anleggsbransjen skil seg ut med nær 40 prosent auke i talet på ledige sidan i fjor. Her ser vi truleg konturane av ei endring som bransjen sjølv har varsla. Utover dette merkar vi førebels ikkje store utslag av tiltak for å kjøle ned økonomien, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.

Ho reknar med at ledigheita kan gå noko opp utover hausten. Samstundes kan mangel på arbeidskraft i ei rekkje bransjar bidra til at arbeidsgivarane ønsker å halde på dei tilsette også i krevjande tider.

Framleis mange ledige stillingar

Nyleg signerte NAV Vestland ein avtale om strategisk samarbeid med bransjeforeininga EBA Vestenfjelske, som representerer 85 bygge- og anleggsbedrifter. NAV skal hjelpe bedriftene å førebygge sjukefråvær, utvikle godt arbeidsmiljø, rekruttere og kvalifisere tilsette.

– Bygg og anlegg er ein særs viktig bransje for oss å samarbeide godt med. Sjølv om dei har færre oppdrag i sikte nett no, tyder alt på at dei vil trenge meir arbeidskraft i åra som kjem. Vi ønsker å bidra til at fleire unge søker seg til bransjen, og at folk får eit langt og sikkert yrkesliv, seier Bogsnes.

Talet på ledige stillingar er framleis høgt, med over 5300 utlyste stillingar i mai. Det er flest ledige jobbar i helsesektoren (1 128), butikk (560) og undervisning (531).

– Helsepersonell er det bruk for i alle delar av fylket, med sjukepleiarar heilt på toppen av lista. Vi ser også at reiseliv, transport og ulike serviceyrke treng fleire medarbeidarar. Eg vil særleg oppmode arbeidsgivarar til å gje ungdom og arbeidssøkarar med bakgrunn som flyktningar ein sjanse, gjerne i samarbeid med oss i NAV, seier Bogsnes.

22 av kommunane i Vestland har ei arbeidsløyse på 1 prosent eller mindre. Høgast ligg Årdal (2,5 prosent), Hyllestad (2,3 prosent) og Kinn (2,3 prosent).