Framleis flest søkjarar til yrkesfag

YRKESFAG POPULÆRT: Søknadstala for vidaregåande skular er no klare. Her ser du Ronja Reiakvam frå inspirasjonsdag for 9. klassingane der dei blir oppmuntra til å velje utradisjonelt.

YRKESFAG POPULÆRT: Søknadstala for vidaregåande skular er no klare. Her ser du Ronja Reiakvam frå inspirasjonsdag for 9. klassingane der dei blir oppmuntra til å velje utradisjonelt. Foto:

FLORØ: 205.800 ungdommar har søkt vidaregåande studieplass frå hausten av.

DEL

Søkjartala til vidaregåande opplæring hausten 2020 er no klare. Statistikken viser at det er rundt 500 fleire søkjarar til dei yrkesfaglege utdanningsprogramma på VG1, samanlikna med dei studieførebuande programma. I desse pandemitider er det også oppløftande at innan yrkesfaga er det helse- og oppvekst som er mest populært, går det fram av ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Både hovud og hender

– Det finst mange spennande vegar i vidaregåande, og eg er spesielt glad for at så mange unge vel yrkesfag. Elevane har lyst til å arbeide i praktiske, kreative yrke der dei får brukt både hovud og hender, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Likevel er studiespesialisering det utdanningsprogrammet med klart flest søkjarar ved alle trinn, sjølv om talet på søkjarar til studiespesialisering Vg1 held fram med å gå litt ned. I Vg3 søker flest påbygging til generell studiekompetanse, følgd av studiespesialisering. Kunst, design og arkitektur er det utdanningsprogrammet med størst auke,l med 12 prosent fleire søkjarar på Vg1 sammenlikna med fjoråret.

Sjå tala hos Utdanningsdirektoratet her.

- Velger du yrkesfag, opnar du mange dører og får deg kompetanse som er etterspurt i arbeidsmarknaden. Du kan komme deg raskt i jobb og få løn som lærling. Samtidig har du høve til å ta påbygg viss du ønskjer å studere. seier Melby.

Framleis kjønnsdelt

Men ikkje uventa: Jenter og gutar vel framleis tradisjonelt. Gutane dominerer i svært stor grad innan bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, og teknikk og industriell produksjon, sjølv om stadig fleire jenter også søker desse programma.

Frå hausten 2020 er det fire nye utdanningsprogram på yrkesfag Vg1. Det er i år relativt låg søknad til desse programma, men sal, service og reiseliv er mest populært med 2600 søkjarar.

– Eg vil at endå fleire som begynner i vidaregåande opplæring også fullfører og består. No gjer vi vidaregåande opplæring meir framtidsretta og relevant for elevar og lærlingar, og vi møter arbeidslivets behov betre. Elevane kan i større grad spesialisere seg det første året på yrkesfag og har høve til å lære eit yrke i verkstaden på skulen eller ute på arbeidsplassen. Det trur eg er kjempebra for mange som er leie av å sitte inne i eit klasserom, seier kunnskapsministeren.

Det er 2700 søkjarar til læreplass, ein auke på 350 frå i fjor. Dette er kun elevar som har søkt læreplass som førsteønske gjennom søkarporten VIGO.


Figur 1: Søkere til yrkesfaglige utdanningsprogrammer på Vg1, 2012-2020.




Artikkeltags