Havila Kystruten kom i dag med sin kvartalsrapport for andre kvartal 2022.

Resultata viser at Havila Kystruten hadde eit resultat før skatt på minus 223 millionar kroner. Inntektene var på totalt 113 millionar kroner, og driftsresultatet før avskrivning på minus 107 millionar kroner.

– Vi har hatt eit utfordrande halvår med for sein levering av Havila Castor, og ikkje minst at Havila Capella var ute av drift mellom 12. april og 28. juni grunna manglande forsikring knytt til sanksjonane mot selskapet som finansierte skipet, uttaler administrerande direktør Bent Martini i Havila Kystruten i ei pressemelding.

Grunna usikkerheit har omsetninga svikta i første halvår. Dei reknar med at tapet på at eit skip låg stille, åleine har gitt ein minus på 80. millionar kroner.

På grunn av energikrisa og krigen i Ukraina er kostnadene på flytande naturgass (LNG) mykje høgare enn venta då avtalen med Samferdselsdepartementet blei underskriven

– Likevel har vi trua på at vi vil snu til eit positivt resultat når vi kjem i full drift langs norskekysten.Belegget for 2023 så langt er bra, avsluttar Martini.

Reiarlaget sine to neste skip; Havila Polaris og Havila Pollux, blir etter planen sett i drift 29. desember 2021 og 22. mars 2023.

Eldraude tal for Havila Kystruten

Hurtigruten saksøkt for 300 millionar – møter gasselskap i retten

Staten har spart millionar på Havilas problem