Hovudredningssentralen melder like før klokka sju fredag kveld på Twitter at ein fraktebåt har gått på grunn ved Mortingbåen like sør for Stabben.

I følge Firda.no er det den 36 meter lange brønnbåten «Grip Austral» som no ventar på flo og slepebåt for assistanse. Seks personar er om bord.

Dei skal ha meldt frå om at dei ikkje har fått nokon lekkasje som følge av hendinga, og at dei difor blir liggande og vente på flo sjø.

Hovudredningssentralen sender ut redningsskøyte og ambulansebåt for å vere i beredskap, opplyser dei, og reiarlaget har kontakta slepebåt for assistanse.