Gå til sidens hovedinnhold

Frå måndag må du rekne med ventetid om du skal gjennom Fjærlandstunnelen

Dersom du skal køyre mellom Jølster og Sogndal den komande veka bør du rekne litt ekstra tid.

FIRDA: Frå måndag 30. august klokka 07.00 må du vente på leiebil om du skal gjennom Fjærlandstunnelen på Rv5 mellom Jølster og Sogndal.

Statens vegvesen opplyser om at tunnelen kan bli stengd i periodar på inntil tre timar grunna vedlikehaldsarbeid.

Sjå oversikta:

Klokka 06.00 til 18.00 er det 30 minutt ventetid.

Klokka 18.00 til 22.00 er det 45 minutt ventetid.

Klokka 22.00 til 05.30 er tunnelen stengd. Men det vert kolonne for gjennomkøyring klokka 01.00, 02.00 og 04.00.

Vegvesenet melder at arbeidet er rekna å vere avslutta fredag 3. september klokka 16.00.

Les også

Du kan risikere å måtte vente ved Naustdalstunnelen framover

Kommentarer til denne saken