På fv. 616 i Bremanger held fylket på med å montere isnett. I samband med dette arbeidet vil vegen mellom Davik og Dombestein vere stengd i periodar gjennom heile sommaren.

Vegstengingane er tilpassa bussrutene.

Langs denne strekninga har det vore mykje nedfall av is frå fjellsida. Isnettet skal hindre isen frå å komme ned i vegen.

Frå måndag til og med torsdag vil vegen vere stengd i desse periodane:

Stengetider:

  • kl. 08:45–09:30
  • kl. 09:45–11:30
  • kl. 12:00–14:10
  • kl. 14:45–15:30
  • kl. 15:40–16:20
  • kl. 16:30–18:00
  • kl. 18:10–20:30

Fredag, laurdag og søndag vil det vere fri ferdsel.

Arbeidet startar opp måndag 30. mai, og dei vil halde på gjennom sommaren og ut august.