Frå i morgon av må mange elevar i Svelgen gå ein annan skuleveg

NY GANG- OG SYKKELVEG: Frå og med 2. juni må elevane som bur i Breivika, på Langeneset og området rundt ta ein omveg til skulen. Årsaka er bygginga av den nye gang- og sykkelvegen.

NY GANG- OG SYKKELVEG: Frå og med 2. juni må elevane som bur i Breivika, på Langeneset og området rundt ta ein omveg til skulen. Årsaka er bygginga av den nye gang- og sykkelvegen. Foto:

DEL

Frå tysdag 2. juni må dei som bur i Breivika, på Langeneset og området rundt ta ein omveg til skulen. Årsaka er bygginga av den nye gang- og sykkelvegen som skal vere ferdig i 2021. Dette skriv Vestland fylke på sine nettsider.

Her skriv dei også at det heile denne veka vil vere anleggsarbeid langs strekninga frå Breivika og vidare vestover. På strekninga mellom Risemyra og idrettsplassen må vegen snevrast inn, og det blir mykje sprenging. Difor vert denne strekninga stengt for gåande og syklande fram til den nye gang- og sykkelvegen står ferdig i 2021. Omlegginga startar fredag ettermiddag, og på tysdag morgon vil ein mellombels gang- og sykkelveg stå klar.

– Vi gjer dette for at ingen skal komme til skade ved anlegget, og oppmodar alle om å respektere skiltinga og sperringane, seier Jon Harald Huseklepp, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Det vil bli sett opp fysisk skilje mellom gåande og syklande, og biltrafikken langs fylkesvegen. Vegen rundt Naustneset vil bli tydeleg skilta.

For å utvide vegen blir det mykje sprenging i fjellskjeringa på den andre sida av vegen for Svelgen oppvekst, og tryggleiken til elevar og naboar i samband med dette arbeidet er førsteprioritet for alle i prosjektet.

– Vi må ha tett dialog med skulen og barnehagen, slik at ingen born eller føresette blir skremde eller vert utsett for fare, seier Huseklepp. Det skal ikkje vere noko sprengingsarbeid før skulen og barnehagen har stengt for dagen, det betyr etter klokka 16.00, skriv fylkeskommunen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken