Går for fotballhall ved Likkjevatnet

Artikkelen er over 3 år gammel

Torsdag skal Flora bystyre ta stilling til kvar ein ny fotballhall skal ligge.

DEL

Politikarane har tidlegare vedteke at det skal jobbast for å auke den totale idrettshallkapasiteten i kommunen.

LES OGSÅ: Fotballhall inn i budsjettet

Torsdag skal Flora bystyre ta stilling til kvar ein ny fotballhall skal ligge. No er det to alternativ på bordet, å bygge hall ved Florø idrettssenter, eller ved Likkjevatnet, i tilknytting til Florø stadion.

Fullskala fotballhall

- Rådmannen tilrår at ein fullskala fotballhall blir lagt til sørsida av Likkjevatnet. Dette bil samla sett kunne gje det beste idrettslege tilbode for både topp og breidde, og det bil legge til rette for effektiv drift av idrettsanlegga i kommunen.

Det skriv rådmannen i saksutgreiinga til bystyret.

Fotballhallen er tenkt å ha ei speleflate på 68x105 meter. Totalt med tryggleikssoner blir innvendig mål då på 76 x 115 meter. I tillegg kjem areal til garderobe og wc, og eventuelt tribune.

Rådmannen ser ikkkje dei store utfordringane rundt nokon av dei to lokaliseringane.

Ofre grøntområde eller risikere nabokonflikt?

- Så langt er det ikkje kome fram problemstillingar som kan stoppe etablering av ein slik hall på nokre av alternativa, skriv han.

Men ved den eine plasseringa kan ein risikere nabokonflikt, og med det andre misser ein grøntområde i sentrum:

- Eventuelt kan det vere verdimessige utfordringar knytt til å nytte dagens grøne område ved Likkjevatnet til føremålet. For alternativet ved idrettssenteret er det grunn til å anta at det kan vere utfordringar knytt til naboeigedommar, står det vidare.

Saka kjem opp no etter at Flora formannskap hadde arbeidsmøte i førre veke, og der bestilte politikarane ein sak angåande lokalisering av ny fotballhall. Tanken er at ein gjennom å bestemme lokalisering vil lette den vidare planleggingsprosessen.

LES OGSÅ:

Speler ball om ny hall

Skippertak for tak, takk

– Vi må ha ny hall no

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken