Fotballkrinsen støttar Florø-hall

GLAD FOR STØTTA: Ordførar Ola Teigen set stor pris på at krinsen støttar ny fotballhall i Florø. Robert Endestad i NFF Sogn og Fjordane er imponert over framdrifta til Flora kommune. Foto: LRB

GLAD FOR STØTTA: Ordførar Ola Teigen set stor pris på at krinsen støttar ny fotballhall i Florø. Robert Endestad i NFF Sogn og Fjordane er imponert over framdrifta til Flora kommune. Foto: LRB

Artikkelen er over 3 år gammel

– Ingenting er viktigare enn støtte frå Sogn og Fjordane fotballkrins i denne saka, seier Flora-ordførar Ola Teigen.

DEL

Styret i fotballkrinsen i Sogn og Fjordane har vedteke støtte til bygging av fullskala fotballhall ved Likkjevatnet i Florø, og har stor tru på prosjektet.

– Vi er utruleg glad for at fotballforbundet vil støtte hallprosjektet vårt. Dette er ein kjempenyheit, seier Teigen.

– Kvifor er denne støtta viktig?

– Det er jo ein prioriteringskamp om kven i fylket som skal få midlar til å bygge fullskala fotballhall. Og i det bildet er ingenting viktigare enn å få støtte frå Sogn og Fjordane fotballkrins. Det er avgjerande for å lukkast med prosjektet, seier han.

– Viktig for fotballen

– Ein fotballhall i Florø er eit viktig prosjekt for idretten og fotballen i heile fylket. Eg er utruleg imponert over kor fort det politiske miljøet i Flora har blitt samde i denne saka. Då er det viktig for oss å vere med å legge trykk på fylket, så ein kan få realisert ein fullskala fotballhall, seier Robert Endestad, styreleiar i Norges Fotballforbund i Sogn og Fjordane.

Styret har samrøystes vedteke å støtte prosjektet, og har no sendt brev til Flora kommune der dei uttrykker støtta.

– Hallen vil utvikle området til eit urbant idrettsområde og treffplass. Vi ser at ein slik hall vil vere attraktiv. Den vil styrke breidde- og toppfotball i Flora kommune, og vil opne for meir og betre aktivitet. Vi har absolutt tru på prosjektet i Florø, og ønsker lykke til vidare i prosessen, skriv dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane Svein Olav Myklebust i brevet.

– Vi ser at anlegget er viktig for Flora kommune, Florø by og det vil også gje Sunnfjord ein eigen storhall, skriv Myklebust.

Fleire vil bygge

I fylkeskommunen sine planverk er det lagt opp til at det kan byggast to fullskala fotballhallar i Sogn og Fjordane i perioden fram mot 2019. Og det er fleire hallar under planlegging i kommunar i fylket no. Såleis er støtte frå krinsen viktig.

– Det er ikkje slik at vi ikkje støttar andre prosjekt. Men Florø har eit veldig engasjement og trøkk, og har komme lengst i planleggingsprosessen, seier Endestad.

– Ei slik heilhjarta støtte frå fotballkrinsen er viktige signal til politikarane som skal prioritere i sine budsjett, påpeikar Teigen.

Prosessen mot å realisere ein fotballhall i Florø har så langt gått veldig raskt. Den starta i haust, og allereie no har ein bystyrevedtak på plasseringa.

– Og for ein gongs skuld har også vi i styret i fotballkrinsen jobba raskt, og fekk igjennom eit samrøystes styrevedtak med støtte, seier Endestad.

Fotballforbundet sentralt har nettopp vore på synfaring i Florø. Dei er også veldig positive til hallprosjektet, og har lova å støtte og hjelpe på alle moglege måtar, fortel Teigen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken