Endeleg har vi eit tilbod til deg som vil sjå fotball på Direktesport i vår avis. Ikkje norsk fotball, dessverre, men polsk eliteserie med nokre av dei mest spennande talenta i Europa på bana.

– Det er framleis nokre veker att til Toppserien og PostNord kjem i gong. At vi ikkje kan tilby lokale kampar eller andre norske fotballoppgjer på Direktesport, veit vi har vore eit sakn hos mange av våre abonnentar. Men om nokre dagar blir det altså igjen mogleg å få med seg spennande fotball hos oss. Vår eigar, Amedia, har sikra seg rettigheitene til å vise kampar frå det øvste nivået i Polen, seier Arne Hjorth Johansen i Firdaposten

Det bur om lag 500 polakkar i Kinn og Bremanger til saman. Det er difor hyggeleg å kunne tilby polsk toppfotball til nettopp dei, seier Hjorth Johansen.

Det leggjast opp til å vise to polske kampar i veka, til saman 30–50 kampar. Først ut er kampen mellom Pogoń Szczecin og KGHM Zagłębie Lubin. Den går klokka 20.30 på fredag. Laurdag er det duka for storkamp. Då spelar Lech Poznań mot Legia Warszawa. Kampstart er klokka 20.00. Søndag rundar vi av fotballhelga med oppgjeret mellom Lechia Gdańsk og Arka Gdynia klokka 17.30.

Ekstraklasa, som den polske eliteserien heiter, består av 16 lag. Serien held eit høgt nivå og vil i ein god stund vere det einaste reelle tilbodet i Europa ved sidan av Bundesliga.

Dei mest kjende laga er Legia Warszawa, Wisla Krakow og Lech Poznań. Men sist sesong overraska derimot Piast Gliwice mange med å ta ligagullet. Dei største klubbane i Polen har jamleg vore med i Champions League og Europa League. Mange spelarar er rekruttert frå polske klubbar til lag i dei største europeiske ligaene, blant andre Juventus-keeperen Wojciech Szczesny og ikkje minst toppscoraren i Bundesliga, Robert Lewandowski.

For tida er det to norske spelarar i Ekstraklasa. Det er Thomas Rogne, med fortid frå Stabæk, Celtic og IFK Göteborg, som no spelar i Lech Poznań og Torgil Giertsen med fortid i Ranheim og Kristiansund. Han spelar no for Wisła Płock. Henning Berg var hovudtrenar for Legia Warszawa i 2014–2015.

– Samtidig som vi no tilbyr desse kampane, følger vi sjølvsagt utviklinga i norsk fotball tett. Så snart PostNord-ligaen og lokale kampar igjen kjem i gong, reknar vi med å vere tilbake med eit breitt tilbod til alle fotballentusiastar, seier Hjorth Johansen.

Slik får du tilgang til kampane

For å sjå dei direktesende kampane treng du eit abonnement på Firdaposten.

Det opprettar du ved å registrere deg her: Våre abonnement.

Ved kjøp på nett må ein opprette ein AID-bruker sjølv og ein må registrere seg med namn, norsk mobilnummer, e-post og fødselsdato. Om ein ikkje har norsk mobilnummer kan kundesenteret opprette ein AID-bruker manuelt utan norsk mobilnummer. Ein e-post kan sendast til kundeserivce@aid.no med informasjon om namn, e-post og fødselsdato. Merk at denne opningstidene til kundeservice er måndag til fredag kl. 8–16.

Slik ser du Direktesport på smart-tv

Med vår smart-tv-app kan du sjå Direktesport på Apple tv, Samsung og LG. Du installerer tv-appen der du finn appane på din eining.

For å sjå Direktesport på din smart-tv trenger du et abonnement på Firdaposten Det får du her: Våre abonnement.