Runar skadd etter hard takling - ute i fleire månader

I helga vart Viking-spelar Runar Hove skadd etter ei hard takling i kampen mot Ranheim. No viser det seg at han har eit brot i kneet.

DEL

Då Hove skulle slå ballen gjekk ein Ranheim-spelar i ei knallhard takling, og Runar gjekk bakken.

Svara frå MR-undersøkinga i etterkant viser at Hove har eit brot i kneet etter taklinga. Det melder Eurosport.

– Å lege skaden tar vanlegvis rundt seks til åtte veker. Deretter må ein rekne nokre vekers opptreningsperiode for å komme seg opp i full belastning, så det kan fort gå opp mot tre månader, seier medisinsk ansvarleg i Viking, Halvard Grova, til Eurosport.no.

Stopparen frå Florø har fått ein god start på eliteseriesesongen, men no blir det altså ein lang pause for Hove.

Viking har no ei utfordring, då den andre delen av stopparparet, Alex Andresson, er ute resten av sesingen med ei leddbandsskade.

Artikkeltags