I dag vart det klart at Norges Fotballforbund har sett opp første runde i cupen.
Onsdag 13. april, altså om knappe to veker, reiser Florø til Brattvåg på Møre, medan Førde tek i mot sjølvaste Brann same dag.
– Når vi set opp første runde er målet å få til flest mogleg lokaloppgjer som skaper interesse og engasjement rundt om i heile landet. Vidare er det kriterier som kort reiseavstand, at lag ikkje har møtt kvarandre i NM dei siste tre åra og at lag i Tippeligaen og OBOS-ligaen skal møte lag frå 3. og 4.divisjon, seier Rune Pedersen, seksjonsleiar for tuneringsadministrasjon og arrangement, til fotball.no.