Kanal 6900 på lufta igjen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Florø Fotball sin eigen TV-stasjon Kanal 6900 er på plass med ein ny sesong.

Dei siste åra har Florø Fotball teke store steg på multimedial formidling. No er Florø Fotball klar for andre sesong i Obosligaen og no er dei i gang igjen og i den første runden har dei mellom anna intervju med dei to nye spelarane Robert Kling som kom frå FK Haugesund og Dejan Corovic som kom frå Arendal.

Anker

Eurosport-kommentator Bengt Solheim-Olsen er nok ein gong med som anker i studio.   

– Nytt av året er spalta "8 kick challenge» der vi utfordra dei andre laga til å bruke lengst tid på åtte triksingar. Så vil vi vidareføre tippekonkurransen der vi skal ha gjestetipparar inne, for fjorårssesongen viste vel at eg og Harald (Gjervik) ikkje er dei beste tipparane med 2–2 på 30 rundar. Men med nye tipparar inne får vi nok bryne oss, seier Solheim-Olsen.

 

Regissør

Harald Gjervik er regissøren bak TV-satsinga i klubben. Ideen er at dei skal poste ein video i forkant av neste kamp der vi tek eit blikk tilbake til førre runde. Så kjem vi til å vere rundt på ulike stunts hos ulike sponsorar og partnarar slik at vi skal få spelarane våre meir med i sendingane. 

– Den neste runden blir veldig gøy, og neste video blir betre trur eg, avsluttar Gjervik.

Artikkeltags