Florø Fotball får "kortare" motstandarar

BERRE EIN TUR TIL NORD: Med Bodø/Glimt opp i eliteserien slepp Florø Fotball unna med berre ein tur til Nord Norge, når dei skal til Tromsdalen i 2018 sesongen.

BERRE EIN TUR TIL NORD: Med Bodø/Glimt opp i eliteserien slepp Florø Fotball unna med berre ein tur til Nord Norge, når dei skal til Tromsdalen i 2018 sesongen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Florø Fotball skal neste år spele i same divisjon som Sogndal. Nokre jublar og meiner dette kan få større interesse for Obosligaen med to durabelege lokaloppgjer mellom dei nye rivalane Sogndal og Florø. Andre sørger over at fotballflaggskipet her i fylket ikkje lenger er ein del av det ypparste selskapet i norsk fotball, og at dette er noko Florø Fotball ikkje er tent med. Uansett så har Sogndal sitt tap mot Ranheim i kvalifiseringa gjort til at dei svarte og blå får mindre reisetid.

Men det er ikkje berre turen til Sogndal som blir kortare for dei svarte og blå neste år.

Vi har gått gjennom avstanden til bortekampane Florø Fotball hadde i år til laga som har rykt opp og ned, og målt dei opp i mot laga som kom ned frå eliten og opp frå PostNord-ligaen. Og skilnaden er oppsiktsvekkande.     

Tal kilometer står føre dei ulike stadene, og dei er ganga med to for å syne samla reisetid dei to laga må gjennomføre for å spele på bortebane. Skilnaden er ikkje anna enn oppsiktsvekkande.  

2017

  • 1260 Bodø
  • 694 Arendal
  • 500 Elverum
  • 726 Start 567 Fredrikstad
  • 564 Ranheim
  • 4311x2=8622 km

2018

  • 161 Sogndal
  • 442 Viking 216 Ålesund
  • 486 Notodden
  • 473 Hamar 253 Nest Sotra
  • 2031x2=4062km
  • 8622-4062=4560

Utrekninga er gjort i Google Maps viser kortaste reiseveg mellom dei ulike stadane. Her kjem det fram at Florø berre treng å reise halvparten så langt for å møte dei nye motstandarane sine i Obosligaen i 2018. 

Reisebudsjett ned med 20 prosent

– Det stemmer vi kan redusere reisebudsjettet til A-laget med om lag 20 prosent. Dette er i all hovudsak på grunn av at vi slepp Bodø/Glimt, Start og Arendal. Det er dyre bortekampar i forhold til Ålesund, Nest-Sotra og Sogndal. Dei andre laga i om lag det same, seier degleg leiar i Florø Fotball Harald Gjervik til Firdaposten.

KJEM GODT MED: Dagleg leiar i Florø Fotball, Harald Gjervik, fortel 20 prosent mindre budsjett på A-laget kjem godt med når ungdommane i klubben no skal ut og bryne seg mot dei beste.

KJEM GODT MED: Dagleg leiar i Florø Fotball, Harald Gjervik, fortel 20 prosent mindre budsjett på A-laget kjem godt med når ungdommane i klubben no skal ut og bryne seg mot dei beste. Foto:

Det kjem godt med då Florø no har fått innpass i norsk toppfotball NTF og NFF si satsing si nasjonale satsing på ungdomslag.

– Var du glad for å få Sogndal som motstandar?

– Nei. Det er klart at vi gler oss til dei to kampane mot Sogndal, det er jo kjekt. Men det er berre 2x90 minutt. Vi meiner elles at fylket, og fotballen i fylket spesielt skulle hatt eit lag i eliteserien. Det skal ikkje vere noko tvil om at vi heia på Sogndal då dei møtte Ranheim i kvaliken, strekar Gjervik under.

Artikkeltags