Dei møtast neste år

NY FEST? Nest-Sotra tapte 2-0 på Florø stadion 15. oktober i fjor og måtte ta eit nytt år i PostNord-ligaen, men den vann dei i år. No vil desse laga møtast på nytt i Obos-ligaen neste år.

NY FEST? Nest-Sotra tapte 2-0 på Florø stadion 15. oktober i fjor og måtte ta eit nytt år i PostNord-ligaen, men den vann dei i år. No vil desse laga møtast på nytt i Obos-ligaen neste år.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Nest-Sotra hadde satsa pengane, hadde trua og spelarane til å rykke opp i Obosligaen også i fjor, men vart «robba» for Obos-plassen i PostNord-ligaen avdeling 3 av Florø Fotball 15. oktober i fjor. No har det lukkast laget frå Sotra å kjempe seg opp i Obosligaen igjen, og denne gangen med eit mindre budsjett. Dermed vil duellantane frå 15. oktober 2016, Florø og Nest-Sotra møtast på nytt neste år. 

– Det er helt utruleg morosamt. No er eg først og fremst veldig glad, men også veldig stolt. Stolt over at «dugnadslaget» vårt har vunne serien og rykka opp i kamp mot pengesterke klubbar som Bryne, Notodden og Hødd, sa kaptein Bjarte Haugsdal til Os & Fusaposten då opprykket vart klart for tre dagar sidan. Spelarane måtte sjølv betale eigendel for å kunne reise med tog til seriefinalen.

I tillegg er det gamle storlaget frå Hamar- HamKam klar for Norsk toppfotball igjen. Det tredje laget som rykker opp er Raufoss eller Notodden.    

Artikkeltags