Luc Jeggo klar for ny klubb

BLIR BRYNESPILLER: Luc Jeggo fotografert da Bryne trente på Nærbø for et par uker siden.

BLIR BRYNESPILLER: Luc Jeggo fotografert da Bryne trente på Nærbø for et par uker siden. Foto:

Av

Den tidlegare Florø-spelaren blir verande i Norge også i 2020-sesongen

DEL

Måndag blei det kjent at Bryne har landa sin første nykommer før 2020-sesongen. Den tidlegare Florø-spelaren og publikumsyndlingen gjer jærbu av seg og skal prøve å hjelpe den gamle fotballstorheiten tilbake i toppfotballen igjen.

Det skriv Jærbladet.

Den defensive midtbanespilleren var i Florø i tre sesongar, frå 2016 til 2018. Den første sesongen var han ein viktig bidragsytar då Florø rykka opp til 1. divisjon. Skader prega mykje av dei to OBOS-åra, men Jeggo rakk å vise at han har også det nivået inne, når han er i form.

I år prøvde han lykka på Færøyene, før turen gjekk til Hødd i sommar. Han pådrog seg ein skade, og fekk ingen kampar for Hødd.

Jeggo kjem frå Wien i Austerrike, men budde sine ungdomsår i Australia. Han sluttar seg til Bryne når sesongoppkøyringa startar rett over nyttår.

Bryne-trener Jan Halvor Halvorsen er glad for å få Luc Jeggo på laget.

– Luc er energisk i spelestilen og har god speleforståing. At han har spelt i 1. divisjon og at vi kjenner til han frå fleire sesongar i Norge, er ein kvalitetssikring, meiner Halvorsen.

Avdelingane i PostNord-ligaen neste år er enno ikkje klare, men det betyr at det er ein viss moglegheit for at vi kan få sjå Luc Jeggo på Florø Stadion igjen neste år.


Artikkeltags