Runar Hove fekk julegåva på forskot. No er det klart at han blir Viking-spelar.
– Dette var ei fin julegåve, svært bra. Alt er på plass, no er det berre ein medisinsk test som står igjen for Florø Fotball og Viking er samde, seier Runar Hove.
Tillitserklæring
23-åringen fortel han hadde ein liten prat med klubben for eit par veker sidan. Det var ein liten prat om laust og fast i etterkant av prøvespelinga. Og i dag var det klart at Hove var stopparen dei ønskte.
– Eg tek det som ei tillitserklæring. Det var fleire spelarar dei vurderte så at det var meg dei plukka ut er eg sjølvsagt glad for, seier Hove som var klar på at det var til eliteserien han ville.
Han skal starte oppkøyringa med siddisane 8. januar, så like etter at Kjippen er over, startar stopparkjempa på det som blir den nye kvardagen sin: Profesjonell fotballspelar for Viking i Eliteserien.
– Eg gler meg, har berre vore i Stavanger og spelt kampar tidlegare og kjenner ikkje til byen ut over det, men det er no dårleg vêr der også, så det blir no noko eg er kjenner til. Så dette trur eg blir veldig bra, seier ein strålande nøgd Hove.
Spennande spelar
Hove skal ha signert ei treårskontrakt. I følge Stavanger Aftenblad fortel Bjarne Berntsen at dei betaler ein «helt fair pris» for Hove pluss nokre kroner etter tal spelte kamper.
– Eg synest Hove er en veldig spennande stoppar som har markert seg over tid i 1. divisjon, vi har følgt han over tid. Det var flere eliteserieklubber som var interesserte i ham. Han har en veldig bra statistikk på offensive dødballer også, farten er også bra over distanse, forklarer Berntsen om Hove til Aftenbladet.
– God avtale
– No gler vi oss til å sjå Runar i Eliteserien det blir spennande, seier dagleg leiar i Florø Fotball Harald Gjervik.
Hove signerte ny avtale med Florø Fotball i sommar. Det var ein signatur mynta på at klubben skulle få noko igjen for han om han gjekk til eliteserien. Han kunne nemleg gått gratis då han var på utgåande kontrakt.
Gjervik har vore i kontraktforhandlingar med Viking dei siste dagane, og no var dei i mål.
– Kor mykje fekk klubben for han?
– Vi har ein avtale som vi er nøgde med per no. Den er forma ut slik at vi får meir ut av avtalen om han skulle lykkast. Viking respekterer dette då dette er ein spelar som har vore i Florø Fotball heile karrieren til no. Det er det vi kan seie, kjem det frå Gjervik. Han meiner også måten kontrakta er forma ut er ein god nok grunn for florøfolk å halde med Viking i åra framover.