Renze Fij er klar for ny norsk klubb

TILBAKE I NORGE: Renze Fij har funnet seg ny klubb i Norge.

TILBAKE I NORGE: Renze Fij har funnet seg ny klubb i Norge. Foto:

Av

FOTBALL: Han spelte haustsesongen for Florø Fotball, og var ønska med vidare. Slik blei det ikkje. Renze Fij skal spele OBOS-liga i 2019.

DEL

Raudtoppen frå Nederland kom til Florø for å tette holet etter Niclas Frenderup. I Florø gjorde han eit solid inntrykk, og det blei gjort forsøk på å halde han i klubben også denne sesongen. Slik gjekk det ikkje. Renze Fij skal spele sine heimekampar på Ågotnes neste år. Nest-Sotra er hans nye arbeidsgjevar.

Keeperkrise

Nest-Sotra overraska alle i fjorårets OBOS-liga, men rett før årets seriestart hamna klubben i ein akutt keeperkrise. Markus Olsen Pettersen returnerte frå landslagssamling med ein kneskade tidlegare i veka. Klubben har ikkje andre keepere, dei har basert seg på at keepertrenarane Steffen Haraldsen og Erlend Johansen skulle kunne steppe inn i eit knipetak. Men Haraldsen rauk akillesen i generalprøva mot Åsane førre helg, og førstekeeper Pettersen slit med «jumpers knee» og det er uvisst kor lenge han er ute. Nest-Sotra har dermed vore nøydd til å hive seg rundt for å hente inn ein ny keeper før seriestart. Valet fall altså på Renze Fij.

– Vi har fått han på eit fly nå. Alt er signert, og det ser ut som vi har keeper i serieopninga, seier ein letta Arve Haukeland til Bergensavisen fredag. Haukeland er sportssjef i Nest-Sotra.

Klar til seriestart

NFF måtte ha alle papira klare innan klokka 16.00 fredag for at Fij skulle bli speleklar til seriestarten mot Raufoss på søndag. Den fristen rakk dei akkurat, og i 18-tida fredag var Fij registrert som Nest-Sotra-spelar.

– Dette er ein god keeper, som vil gi Markus god kamp om keeperplassen, meiner Haukeland.

Markus Olsen Pettersen er lånt ut til Nest-Sotra frå Brann, og er rekna som eit stort keepertalent. Det er det medisinske apparatet på Brann Stadion som avgjer når han er speleklar igjen, i samråd med Nest-Sotra.

Renze Fij har tidlegare spilt for Go Ahead Eagles, Groningen og Heracles i heimlandet. Han har signert ein avtale ut 2019-sesongen.

Artikkeltags