Peter Aase scora eit praktmål for Sotra. Det hjalp Florø i nedrykkskampen

PRAKTMÅL: Peter Aase scora eit praktmål mot Elverum og hjalp gamleklubben. Trenar Tommy Knarvik var mindre blid, han blei sende på tribuna og kampen enda 1-1.

PRAKTMÅL: Peter Aase scora eit praktmål mot Elverum og hjalp gamleklubben. Trenar Tommy Knarvik var mindre blid, han blei sende på tribuna og kampen enda 1-1.

FOTBALL: Sotra møtte Elverum i hengekamp i PostNord-ligaen tysdag. Der var Peter Aase sentral.

DEL

Peter Aase drog frå Florø Fotball etter vårsesongen, og debuterte for eit opprykksjagande Sotra midt i august. Han har til no fått fem kampar for dei blåkledde, og har notert seg for to mål. Det siste kom på tysdag, då Elverum var på besøk på Straume stadion. Det var ein viktig scoring, både for Sotra og for Florø.

Sotra spilte ein dårleg 1. omgang og låg under 0–1 til pause. Etter kvilen stod heimelaget fram i ein mykje friskare utgåve og køyrde over Elverum. Utlikninga kom berre sju minutt inn i omgangen då Peter Aase fekk tid og plass. Han tok med seg ballen, avanserte mot Elverum si sekstenmeter, og knalla ballen i keeperen sitt lengste hjørne med eit flott skrudd langskot. Rett og slett ein praktscoring.

Seinare fekk Sotra fekk ein utvising, og trenar Tommy Knarvik blei sendt på tribunen. Resultatet blei dermed 1-1, og Sotra fekk berre med seg det eine poenget. Forma deira har vore dalande i haust, og dei ligg no sju poeng bak andreplassen som gjer kvalifisering til OBOS-ligaen. Alle poeng tel med i den kampen, men skal dei ha håp om å henge på i teten heilt til slutt må dei begynne å sanke trepoengarar framover.

Scoringa var nok vel så viktig for Peter Aase si gamle klubb. Hadde Elverum vunne mot Sotra hadde dei nemleg passert både Odd 2 og Florø på tabellen, og sende Florø ned på ein tiande plass. Rett nok har Florø ein luke på fem poeng ned til Senja under streken, men jo fleire lag dei kan halde bak seg, jo betre er det.

Både Stimen og Frode Nybø kan med andre ord godt sende ein venleg tanke i retning Sotra og Peter Aase denne veka.

Artikkeltags