Norsk Tipping trur Florø Fotball hamnar midt på tabellen neste år

JUBEL: Får vi sjå florøspelarane juble til neste år? Ja, meiner Norsk Tipping, men ikkje ofte nok til at det blir opprykk.

JUBEL: Får vi sjå florøspelarane juble til neste år? Ja, meiner Norsk Tipping, men ikkje ofte nok til at det blir opprykk. Foto:

FOTBALL: Fredrikstad er favoritt til å rykke opp frå PostNord-ligaen i år.

DEL

Å spå tabellen i PostNord-ligaen 2020 før jul året før er litt som å tru på julenissen. Vi veit enno lite om korleis spelartroppane til dei ulike laga kjem til å sjå ut i den kommande sesongen. Norsk Tipping har likevel gjort eit forsøk.

Fredrikstad er favorittar. Der har Norsk Tipping sett 2.35 i odds på at dei skal vinne avdelinga. Det betyr at om du set 100 kroner på at dei gjer nettopp det. Vinn avdelinga. Då vinn du 235 kroner.

Norsk Tipping spår at laga som kjem nærmast Fredrikstad på tabellen vil vere Skeid, Kvik Halden og Kjelsås.

Florø har fått ein odds på 25, og ligg med det på ein åttande plass på denne tabellen.

Laga som er levna minst sjanse for å hevde seg i toppen er Tromsø-laget Fløya, og Senja. Dei har begge fått 100 i odds. Det betyr at om du set 100 kroner på at ein av dei to laga skal vinne serien, så har du tapt 100 kroner.

Her er oddsa frå Norsk Tipping:

Fredrikstad 2,35
Skeid 4,00
Kvik Halden 5,50
Kjelsås 6.00
Hødd 10.00
Alta 12.00
Tromsdalen 15.00
Florø 25.00
Moss 30.00
Brattvåg 40.00
Vålerenga 2 50.00
Eidsvold Turn 75.00
Fløya 100.00
Senja 100.00

Florø Fotball skal bryne seg på Fredrikstad, Skeid og Vålerenga 2 neste år

Artikkeltags