Bremanger banka Florø 2

NYTT TAP: Bremanger blei for sterke for Florø 2

NYTT TAP: Bremanger blei for sterke for Florø 2 Foto:

FOTBALL: Bremanger skaffa seg eit pusterom i botnstriden. For Florø 2 ser det derimot mørkt ut.

DEL

Det var kampen Florø 2 ikkje hadde råd til å tape. Sist på tabellen med sju poeng hadde dei sjansen til å passere Bremanger med siger på bortebane måndag kveld. Men karane frå Bremanger blei for sterke for eit ungt Florø-lag. Då dommaren blåste av kampen sto det 2–0 til heimelaget.

Kombinerte fint

Florø 2 begynte kampen best. Unggutane med PostNord-erfaring, Brage Naustdal og Torkel Aarønes kombinerte fint ved fleire høve, og dei blå og svarte kom seg til eit par-tre avslutningar. Utan at dei var kvasse nok til å skremme Bremanger-målmannen Kenneth Fosse Elde rett nok. Og sakte men sikkert kjempa eit toppa Bremanger lag seg inn i kampen og tok over initiativet. Det sto likevel 0–0 til pause.

I andre omgang var det Bremanger som trykte på, og hadde fleire sjansar som fort kunne gitt scoring. Florøværingane sleit med å kome seg ut av eiga banehalvdel, men det nykomponerte forsvaret med Oscar Andre Fanøy Nordal som midtstoppar, forsvarte seg heltemodig. Det såg ut til at dei skulle klare å kjempe seg til eitt poeng, men så glapp det i sluttminutta.

Pusterom i botnstriden

Først gjer dagens beste Bremanger-spelar, Gøran Larsen, eit knakande godt forarbeid på venstrekanten. Innlegget er presist, og frå kort hold set Martin Klakegg Hauge ballen kontant i mål. Då var det spelt i 81 minutt. Få minutt seinare er det på høgrekanten det skjer. Håvard Nødset Rosø får slått eit innlegg som Anders Nilsen Midthjell har få problem med å sette bak ein elles god Lars Martin Kvarekvål i Florø-buret.

Heimesiger til Bremanger gjer at dei raude har skaffa seg eit pusterom i botnstriden. For Florø bør kampen vere eit varsel om at dei snart bør begynne å prioritere Florø 2 om dei skal berge plassen i 4. divisjon i år.

Tabellen

1. Førde 30 poeng
2. Årdal 30 poeng
3. Eid 25 poeng
4. Studentspretten 20 poeng
5. Stryn 19 poeng
6. Tornado Måløy 18 poeng
7. Kaupanger 14 poeng
8. Bremanger 12 poeng
9. Dale 12 poeng
10. Høyang 10 poeng
11. Syril 9 poeng
12. Florø 2 7 poeng

*Årdal og Studentstpretten har ein kamp til gode. Dei spelar mot kvarandre tysdag kveld.

Artikkeltags