Kupen klør i knottane

UTOLMODIG: Endre Kupen er den einaste som har scora for Florø på Florø Stadion i år. Men dei to siste kampane har han vore ute med skade.

UTOLMODIG: Endre Kupen er den einaste som har scora for Florø på Florø Stadion i år. Men dei to siste kampane har han vore ute med skade. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Toppscoraren frå PostNord-ligaen i fjor, Florø Fotball sin Endre Kupen, er ute med skade. Han kjem ikkje til å spele cup-kampen og lokalderbyet mot Førde torsdag.

- Nei, den kampen rekk eg ikkje. Eg trente litt i går, og skal vere med litt i dag også, så får vi krysse fingrane på at eg skal kunne spele mot Elverum på Florø stadion søndag, seier Kupen.

To inne og to ute

Det var Endre Kupen som i sin målsnik-stil scora det historiske førstemålet til Florø i Obos-ligaen. Men allereie i 1-1 kampen borte mot Strømmen fekk han kjenninga bak i låret og lysken i høgrefoten. Det første til at han mista Levanger-kampen heime og Arendal-tapet borte. Etter den kampen poengterte også trenaren at Endre Kupen sine eigenskaper som "boksopnar" var noko han kunne trenkt mot dei kvite sørlendingane.

- Eg hadde same type skade i fjor også, men i vinter har vi trent hardare og det er kanskje derfor det sit slik i, seier Kupen. 

Det er grusomt å sjå laget ditt spele utan å kunne vere med sjølv

Endre Kupen, Angripar Florø Fotball

Større belastning

Overgangen i treningsmengde frå Tornado Måløy i 4. divisjon og til Florø Fotball i PostNord-ligaen, avviser ikkje Kupen kan ha vore medverkande til skaden han no slit med.

- Det kan det. No er det i tillegg høgre treningsbelastning enn det var i fjor og det kan gi skader, det er berre slik det er, seier han.

Som spiss er du også spesielt utsett. Kjappe vendingar og løp i full fart, eigenskaper Kupen er kjent for, fører ofte til denne type skader.

- Det er berre å ta det roleg. Det er fort å dra på seg ein strekk som gjer at du må vere ute i seks-sju veker, så eg må vere tolmodig. Det er rett nok heilt grusomt å sitte å sjå på laget spele utan deg, men det må eg berre finne meg i, seier Kupen.

No går det i alternativ trening, lyskeøvingar og lett jogging på Kupen. Målet er Elverum-kampen i den femte Obos-runda heime på Florø Stadion søndag.   

Ein forsmak på cupbataljen? 

- For å seie det slik, eg er veldig happy med å få Førde i cupen 

Tapte trass full dominans i banespelet

Artikkeltags