Det er ei lita stund sida Førde og Florø var bitre rivalar på same nivå. Etter at Florø blei OBOS-lag har cupen vore einaste moglegheit til å få måle krefter med Førdes fremste fotballgutar. I fjor var to scoringar frå Rashad Muhammed nok til å sende Florø vidare i cupen, men i år må dei blåsvarte innstille seg på å møte eit anna lag i cupens første runde. Førde er nemleg ute av cupen etter å ha tapt for Fjøra onsdag kveld.
Kapinga Brazy gav Førde ein pangstart etter få minutt, og like før pause auka Øystein Myrkaskog til 2–0. Då hadde Førde full kontroll på onsdagens kvalifiseringskamp til cupen mot Fjøra, skriv Firda, men då målscorar Myrkaskog måtte bli igjen i garderoben etter kvilen grunna ein skade i handa, opna det seg ein moglegheit for Fjøra til å komme inn igjen i kampen.
Karsten Bjelde skrur eit frispark i mål, og så er Eirik Flatjord uheldig å sette ballen i eiga bur. Dermed er det 2–2. Til slutt er det Joar Hoberg som riv seg laus på eit frispark, og set inn sigersmålet, trass i at Fjøra på den tida har blitt redusert til ti mann etter eit raudt kort på Eirik Husabø.
På overtid vart det dramatikk då Førde-kaptein Ruben Holsæter får ballen i mål. Det hjelper så lite når dommaren til store protestar annullerer målet for angrep på keeper. Førde er ute av cupen, og trenar Bjørn Totland var skuffa etter kampen.
– Dette er veldig skuffande, det er det. Til tider får vi det til, men vi fann aldri rytmen i kampen. Fjøra ville veldig mykje i dag, og dei ville meir enn oss. Det er eg skuffa over, seier Førde-trenaren til Firda.
Resultatet betyr at Florø eller Sogndal nok får æra av å møte Fjøra i cupens første runde i år.