Tapte mot Sogndal

Florø Fotball tapte treningskampen mot Sogndal.

DEL

Florølaget reiste laurdag til Sogndal for å spele treningskamp i Sognahallen.

Kampen enda 4 - 1 til Sogndal. Vegard Savland stod for Florø sitt mål.

På førehand sa trenar FRode Nybø til Firdaposten at resultatet ikkje var særleg viktig. Han hadde i staden fokus på å teste ut prøvespelarane som er på besøk. 

– Håpet mitt er at alle spelarane får spelt mellom 45 til 60 minutt. For dette er ein kamp der resultatet ikkje betyr noko. Eg ønskjer å få sett spelarane vi har med oss i kampsituasjon slik at vi kan vurdere om dei er aktuelle for oss, sa Nybø tidlegare i veka.

Tre målvakter, ein Oslo-back og ein brasilianar som har herja på Nordmøre

Florø reiste til Sogndal med følgande spelarar:

Sondre Sødergren Løseth (prøve)
Briel Domingos (prøve)
Bruno Lopes (prøve)
Lars Kvarekvål
André Frøyen Reksten
Simen Reksten Solheim
Christer Husa
Torkel Aarønes
Thomas Hallstensen
Eirik Høydal
Halvor Utkilen Solheim-Olsen
Agash Puthi
Peter Aase
Dino Omerovic
Torje Naustdal
Robert Kling
Kaddu Aton
Alioune Ndour
Vegard Savland
Moses John Dyer

Artikkeltags