Florø-spiss trenar med HamKam

PÅ VEG VIDARE: Sebastian Pedersen var på utlån frå Strømsgodset til Florø i haust. No trenar han med HamKam.

PÅ VEG VIDARE: Sebastian Pedersen var på utlån frå Strømsgodset til Florø i haust. No trenar han med HamKam. Foto:

FOTBALL: Sebastian Pedersen er på Hamar for å vise seg fram.

DEL

Strømsgodset-spissen Sebastian Pedersen kom til Florø på utlån i haust. På åtte kampar scora han to mål, og med si innsats og energiske spelestil skal han ha si del av æra for at Florø løfta seg mot slutten av sesongen. No jaktar spissen på ny klubb.

Ifølge Hamar Arbeiderblad har spissen no dratt til Hamar for å trene med HamKam, i staden for å dra tilbake til Drammen og Strømsgodset.

– Eg kan uansett ikkje spele kampar for Strømsgodset ut sesongen. Då er det betre at eg trener for fullt med HamKam, enn at eg er som ei kjegle på trening med Godset, seier Sebastian Pedersen til HA.

Pedersen har kontakt med Strømsgodset fram til sommaren, og veit enno ikkje heilt kva som ligg i framtida. Han utelukkar ikkje at han kan vere på jakt etter ein ny klubb allereie i vinter, og i så fall er HamKam ein klubb som kan vere interessant. Han spelte for Hamar-laget for fire år sida, og seier at dette framleis er klubben i hans hjarte.

Kan han vere aktuell for eit forlenga opphald i Florø? Det verker ikkje sannsynleg i dag, men ein skal aldri seie aldri. Sebastian Pedersen er uansett glad for tida i Florø, og ser på det som eit vellykka låneopphald både for klubben og han sjølv.

– Eg trengde å spele fast førstelagsfotball igjen, og det var viktig for meg at eg fekk såpass stor tillit frå første dagen. Låneopphaldet var veldig fint. Det var også moro å bli kjend med nye omgjevnader, og så mange fine folk i og rundt klubben. Eg har berre fine ord om Florø, og så var det moro at det gjekk såpass bra med resultata i dei kampane eg var der.

Pedersen skal i utgangspunktet trene med HamKam i ei veke i denne omgang.

Artikkeltags