Er dette tidenes frispark på Florø stadion

    DEL

    Dette skotet frå Hasan Kurucay sender tankane tilbake til VM i 1982. Eder sto klar med ballen, det var frispark til Brasil. Det er vel for langt hald til at han skal skyte, sa Knut Th. Gleditsch. Pang sa då det då kula smalt i tverrliggaren.

    Eller kanskje liknar det mest på Per Egil Ahlsen sitt draumemål i cupfinalen i 1984. Målet som sende Fredrikstad opp i 3–2 over Viking. Ballen som berre steg og steg og steg. Hadde ikkje nettet vore der hadde den berre heldt fram med å stige, opp i atmosfæren, ut i verdsrommet, og kven veit kor den hadde hamna?

    Ramma rundt kampen er ikkje like spektakulær, det har vel ikkje vore så få tilskodarar på stadion sidan 2010, men prestasjonen er stor. Sjekk Kurucay banke ballen i Fram-buret, og fortel oss om det har vore scora finare frisparkmål på Florø stadion nokon gong!

    Artikkeltags