Oscar Nordal med kjempetreff då Florø 2 slo Dale i 4. Divisjon

SOLID: Brage Naustdal var svært god mot Dale, og hadde mellom anna eit skot i tverrliggaren. Men Oscar Nordal traff mellom stengene!

SOLID: Brage Naustdal var svært god mot Dale, og hadde mellom anna eit skot i tverrliggaren. Men Oscar Nordal traff mellom stengene! Foto:

DEL

Florø 2 fekk tre etterlengta poeng mot Dale, og klatra opp frå sisteplassen. Anders Ulvik Fleten ga Florø 2 leiinga rett før pause, i ein omgang der Florø hadde tre skot i aluminiumen, eit skot som blei redda på strek, og eit par andre gode sjanser i tillegg. 1-0 var kjekt det, men eit par mål for lite.

Florø 2 var best i andre omgang også, men ikkje fullt så suverene som i første. Oscar Nordal lada kanona og fyrte løs rett før timen, og ballen føyk i mål til 2-0. Det blei også sluttresultatet. Sjekk scoringa her, det er litt av eit treff!

Artikkeltags