– Du må ha eit arbeidande styre der det ikkje er plass til programheltar som berre kjem når det er godt vær

Odd-nestor Erik Holmberg fortel om korleis han tok Odd opp frå bakgarden.

Odd-nestor Erik Holmberg fortel om korleis han tok Odd opp frå bakgarden. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Korleis kan ein bygge ein toppfotballklubb frå botnen av? Det veit Erik Holmberg meir om enn dei fleste.

DEL

TEMA: Seriestart i OBOS-ligaenI november 2009 var Florø Fotball rangert som nummer 304 i norsk fotball. I 2017 hamna dei på åttande plass i OBOS-ligaen. Det er 280 plassar opp på åtte år. Det er ein eventyrleg reise, men det har også vore krevjande. Kanskje særleg når dei tok steget inn i toppfotballen og OBOS-ligaen i fjor. Klubben har veksesmerter, og i år ventar det vanskelege andre året. Har dei klart å bygge klubben sterk nok til at dei vil tole motgongen som på eit eller anna tidspunkt vil komme? Er det lærdom å hente hos andre som har gjort noko av den same reisa?

Frå bakgarden

På sytti- åtti og langt ut på nittitalet var Odd ein falma storheit i norsk fotball. Dei surra rundt på andre og tredje nivå, og spelte mot lag som Figgjo og Sørumsand. I 1988 tapte dei for bydelslaget Gulset i første runde i cupen, og var på alle måtar ein klubb i norsk fotballs bakgard. Så seint som i 1990 var laget nede i tredje divisjon. I 1998 rykka dei opp i Tippeligaen, og sidan har dei stort sett vore der. I 2015 leda dei 3–0 over det tyske storlaget Borussia Dortmund heime på Falkum, etter dei villaste 30 minuttane i Telemarks historie, med sju lokale gutar i startellevaren. Vegen dei har gått er ikkje heilt ulik den vegen Florø har gått sidan 2009.

Vi tenkte det kunne vere interessant å ta ein prat med mannen som var leiar for Odd i den tida der klubben tok steget frå bakgardsklubb til noregstoppen. Erik Holmberg tok over som styreformann i 1986, og veit meir enn dei fleste om korleis ein bygger ein fotballklubb frå botnen av. Han seier at om Florø ønsker å etablere seg som eit topplag i Norge over tid, er det ein ting som gjelder. Dei må bygge opp organisasjonen. Det er viktigare enn både anlegg og prestasjonar.

Organisasjon først

– Organisasjonen er det viktigaste, seier Holmberg. Det hjelper ikkje om du har eit lag med gode fotballspelarar eit år, eller om anlegget er rimeleg bra. Du må ha ein plattform. Så gjelder det å stikke fingeren i jorda og innsjå kor ein står. I 1986 var vi på tredje nivå, vi var ikkje i bakgarden, vi var i kjellaren, og ingen av oss hadde ferdigheiter. Vi visste kva offside var, men vi ante ikkje korleis ein skulle drive ein fotballklubb. Det måtte vi lære oss.

– Eg vil tru at leiarane i Florø Fotball kan kjenne seg igjen i det. Her har kanskje utviklinga på det sportslege gått så fort at det har vore vanskeleg for organisasjonen å halde tritt. Korleis tenker du at Florø kan møte den utfordringa?

– Ein klubb som Florø bør nok basere seg mykje på dugnad og frivillige. Då blir organisasjonen uhyre viktig. Det seiast at ingen kjede er sterkare enn den svakaste lenka. Det hjelper ikkje å ha eit godt forsvar om du ikkje scorar mål. Det gjeld i styresamanheng også. Du treng eit styre med komplementære ferdigheiter, der kontinuitet er viktig. Du må ha eit arbeidande styre der det ikkje er plass til programheltar som berre kjem når det er godt vær. Dei må tole å bli litt skitne under neglene, og dei må vere villige til å ofre tid. Du treng tillitsvalde som kan bruke mykje tid på klubben. Eg kallar det klubbfølelse. Resten handlar om kompetanse, skolering og relasjonar.

Søk lærdom

Holmberg fortel at ein ikkje må tru at ein sit med alle svara sjølv. Det er viktig å søke lærdom der er å finne, og knytte kontaktar mot både forbund og andre klubbar.

– Vi må vere litt audmjuke og innsjå at vi ikkje er verdsmeistrar. Det er fint å kunne lære av andre. Det kan tenkast at andre kan noko som vi ikkje kan. Du kan seie kva du vil om Norges Fotballforbund, men det er utruleg viktig å bygge relasjonar den vegen. Mot NFF. Mot Norsk Toppfotball. Mot andre klubbar. Når eg tok over som styreformann tok eg ganske raskt dei kursa NFF hadde om fotball-leiing. Vi drog på studieturar til Kongsvinger, som var ein stor og god klubb på den tida, og til IFK Göteborg.

– Kor viktig er økonomi?

– Å ha økonomien i balanse er uhyre viktig. Ein skal ikkje vere redd for å gå med underskot eit år, men det må vere realisme i budsjetta. Ikkje minst er det viktig at klubben har ein ryddig økonomi. Klubben må stå fram som ein truverdig samarbeidspartnar mot sponsorar, kommune og fylkeskommune. Det skal ikkje vere nokre uhumskheter. Men dette var nok eit større problem før vi fekk profflisensar og meir ordna forhold i fotballøkonomien.

Telemarksmodellen

Stammen i laget til Terje Rognsø er framleis lokale gutar som har vore med på vegen til topps. Aase-tvillingane. Halvor Solheim Olsen. Runar Hove. Også i Odd er dei opptatt av å ha lokale spelarar, men dei siktar no på heile fylket. Dei heiter ikkje lenger Odd Grenland. Dei har tatt tilbake Odds ballklubb, og satsar no på å vere eit lag for heile Telemark. Når dei til slutt tapte for Borussia Dortmund, etter å ha sjokkert det tyske storlaget, var det med sju telemarkingar på bana. Dette er mogleg på grunn av den såkalla Telemarksmodellen. Eit samarbeid mellom Odd, Telemark Fotballkrets og Toppidrettsgymnaset i Telemark (Tit) og klubbane ute i distriktet. Ein enkel filosofi der Odd hentar inn dei beste 16–17 åringane i fylket, gjer dei plass på Toppidrettsgymnaset, samtidig som dei spelar for Odd.

– Telemarksmodellen var ikkje noko han karen frå Akkerhaugen (Dag-Eilev Fagermo journ.anm) fann på. Vi hadde den før han kom til klubben. Det er eit samarbeid med klubbane i fylket som er ein fin måte for Odd å skaffe seg talent på ein billeg måte. Det har vore viktig for oss, for sponsorar, publikum, og entusiasmen rundt laget at vi har hatt mange lokale spelarar. For dei unge spelarane har det Toppidrettsgymnaset, der dei kan ta vidaregåande på fire, i staden for tre år, samtidig som dei trenar mykje og spelar fotball, vore viktig.

– Men kor langt kjem ein med berre lokale spelarar?

– Du kan vere heldig med ein årgang av og til, men du må supplere. Du kan ikkje etablere deg, verken i Eliteserien eller i Obosligaen berre med lokale spelarar.  

Artikkeltags