Super-Rex gjorde comeback- for Eikefjord

OPPLEVINGAR: André Frøyen Reksten (30) har fått mange store opplevingar som sjef for A-laget til Florø. No er eit nytt kapittel i karriera opna, tysdag debuterte han for Eikefjord.

OPPLEVINGAR: André Frøyen Reksten (30) har fått mange store opplevingar som sjef for A-laget til Florø. No er eit nytt kapittel i karriera opna, tysdag debuterte han for Eikefjord. Foto:

DEL

Det har vore ein dårleg skjult hemmelegheit, og no er det klart. Andre Frøyen Reksten var ikkje heilt klar for å bli fotballpensjonist heilt enno.

30-åringen terminerte kontrakten med Florø Fotball tidlegare i haust, etter ein sesong der han har vore skada lenge. No har klubblegenda bytta klubb. Han tek med seg all si erfaring inn til Eikefjord, der han igjen blir lagkamerat med Erlend Hove. Tysdag debuterte han for dei oransje, mot Askvoll/Holmedal på bortebane.

Eikefjord IL ligg i skrivande stund på toppen av 6. divisjon, avd. 2. Poenget føre Florø 3 og Fure, med ein kamp meir spelt.

Artikkeltags