6-4 stod det i målprotokollen på Eikefjord stadion til slutt. Etter spel og sjansar i andre omgang kunne siffera sett mykje verre ut. Selje vann dei fleste duellane og opna Eikefjord-forsvaret med kjapt og direkte angrepspel mange gonger.

Med fekk Eikefjord sitt første tap i ein elles god sesong og blei skubba ned til tredjeplass på tabellen bak Stryn 2 og Selje. Så utan opprykk er det berre tabellplasseringa å kjempe for.

- Det er ingen lag som rykker opp frå 5-divisjon i år grunna omlegging i divisjonssystemet, fortel trenar Håvard Mjølkeråen, som tidlegare på dagen spelte 4. divisjonskamp for Bremanger mot Førde 2. (Resultat 1-1)

Første målet i kampen kom på sjølvmål for Selje, medan Ole Tobias Yndestad sette inn 2-0 etter 18. minutt. Få minutt seinare kvitterte Selje to gonger. Eikefjord gjekk til pause med leiing 3-2 etter skåring av Marus Kjellevoll. 

Selje kvitterte rett etter pause og gjekk opp til 4-3 i det 69-minutt. Då sette Erlings Austreim inn eit knallhardt  frispark tett ved stolperota medan både keeper og spelarane venta eit høgt innlegg.

Dei siste 20 minutta var det liten tvil om kor sigeren ville ende. Selje trykte på og kunna ha skåra både tre og fire mål.