Gå til sidens hovedinnhold

Tok sterk bortesiger i Selje

5. div:

Artikkelen er over 6 år gammel

4-1 stod det til slutt i målprotokollen i favør av gjestande Bremanger.

Bremanger Fotballl sitt herrelag har ambisjonar om opprykk i år og det ser bra ut så langt i årets serie, med braksiger mot Eid2 i førre kamp og ein sterk bortesiger mot eit av divisjonens sterkaste lag, Selje.

Heimvende ex. Florø Fotball-spelar Simen Hamre har i løpet av to kampar vist at han er viktig for Bremanger-laget med tre skåringar og tre assist i førre kamp og ei nettkjenning også denne kampen. Midtbanekollega Eirik Rylandsholm sikra seg sesongens to første nettkjenningar. 

Litt fakta:

0-1 ved Simen Hamre etter 8. minutt. (straffe)

0-2 ved Eirik Rylandsholm etter 45. minutt

1-2 ved Martin Grøttå etter 47. minutt

1-3 ved Eirik Rylandsholm etter 54. minutt.

1-4 ved Martin K. Hauge etter 88.minutt

Laget: Keeper Sandar Mardal. Forsvar: Oliver Igland, Espen Frøyen, Jan Rune Nigardsøy og Vidar Senneset. Midtbane. Eirik Rylandsholm, Simen Hamre, Martin Senneset og Mathias Hammersland. Framme. Mads Os Førde og Martin Klakegg Hauge.

På benken. Spelande trenarar Tore Rylandsholm og Morten Ferstad. Espen Rosø, Kristoffer Lågeide og Torbjørn Førde.

Livedekning: Bremanger Fotball si eiga dekning

Kommentarer til denne saken