Sjekk den elleville finta til Åsane-spelaren som er sett av 1.5 millionar

Her lurer Beltran Mvuka motstanderen trill rundt. Sjekk videoen i saken!

Her lurer Beltran Mvuka motstanderen trill rundt. Sjekk videoen i saken! Foto:

Av

Korleis kan ein kamp mellom Åsane og Bjarg gå viralt? Vel, eit lite glimt av «Belly» hjelper!

DEL

(BA) – Det er sjukt! Eg får varslar opp heile tida. Veldig kult, ler Beltran «Belly» Mvuka.

20-åringen spelte for Åsane 2 mot Bjarg. Fintene han drog fram i ein sekvens som lurte to Bjarg-spelarar trill rundt går sin sigersgang på nettet. På Instagram er den sett over 1,5 millionar gonger etter at Åsane publiserte den på sosiale medium.

Se lekkerbisken her:

– Heilt ærlig: Prøvde du på det, eller hadde du berre flaks?!

– Haha, nei, det var eit ærlig forsøk! Det er difor eg klarer det. Eg pleier å ta tunnelar under kampar, svarer Belly, som er anerkjent i klubben for tekniske finessar.

Neymar eller Messi?

Hans oppskrift?

– Det er viktig å ha det gøy på banen! Det er ikkje så mykje som slår den kjensla av å ta ein tunnel eller to! I kvart fall ein slik som eg fekk til der, ler han.

20-åringar beskriv seg sjølv som ein teknikar.

– Eg spelar som Neymar. Kreativ. Likar å drible, utfordre. Skape sjansar, seier han.

– Eg håper du er ein betre skodespelar enn Neymar?

– Hehe, eg er god på mange ting, men kanskje ikkje skodespel. Eg filmar ikkje ute på bana. Der er eg meir som Messi, forsikrar han ublygt.

Gjort bergensar av seg

Belly kom til Norge i 2006, då til Vik i Sogn og Fjordane. Fire år seinare flytta han til Bergen med familien. Dialekta er nesten kav bergensk.

– Ja, det kjem seg nå, seier Belly, som blei født i den østafrikanske republikken Burundi.

– Når får du gjennombruddet ditt på A-laget til Åsane, då?

– Eg er med i troppen i morgon (laurdag), og eg føler meg klar. Eg må berre bli litt sterkare. Og få meir utholdenheit, seier 20-åringen til BA.

Han kan meir enn tunnelar, også:

Se dette innlegget på Instagram

?

Et innlegg delt av ?eltran Mvuka? (@belly10mvuka)

PS: Åsane spelar heime mot Florø laurdag kl. 16.00. Den kampen ser du direkte her på Firdaposten.no. Vi sender også en annan lokalfotballkamp, Tornado Måløy mot Florø 2, søndag frå klokka 14.00.

Artikkeltags