Gå til sidens hovedinnhold

Forventar rekordhøge prisar på laks neste år

Marknadsaktørar forventar ein kilopris på rekordhøge 63,9 kroner for laks til neste år. Det er ein oppgang på nesten ti prosent frå snittet hittil i 2021.

På fiskebørsen Fish Pool blir laks for levering i 2022 handla til 63,90 kroner per kilo i snitt. Dette er ein oppgang på nesten ti prosent hittil i 2021, og er høgare enn rekordåret 2016, som enda på 63,13 kroner, skriv E24.

– Vi har sett dette kome ei god stund no, med tanke på at biomassen i Noreg og Chile indikerer avgrensa vekst neste år, og at etterspurnaden er såpass sterk, seier Alf-Gøran Knutsen, dagleg leiar i Kvarøy Fiskeoppdrett.

Ifølgje Fish Pool-sjef Søren Martens er det hovudsakeleg to årsaker til at prisforventningane er høge.

– Det første er marknadsutviklinga under covid-nedstenginga i fjor, der ein såg at stengde restaurantar førte til at folk kjøpte og laga meir laks heime. I tillegg ser vi ein generell prisinflasjon på storfe og andre proteinprodukt som har gjort laksen meir konkurransedyktig i kjøledisken, seier Martens.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken