Forsvaret ber Heimevernssoldatar vere klare

Av
DEL

(NTB/FIRDA):Forsvaret har sendt ut ei tekstmelding der dei ber soldatar i Heimevernet vere førebudde på å bidra under koronakrisa.

«Nasjonen er i krise og HV kan nyttast dersom det er behov», heiter det i tekstmeldinga, ifølgje TV 2.

På Forsvarets nettsider skriv heimevernssjefen, generalmajor Elisabeth G. Michelsen, at det er tett dialog mellom Forsvaret og Heimevernet.

Ho presiserer likevel òg at det er viktig at heimevernssoldatar som har andre samfunnskritiske funksjonar ikkje blir kalla opp til teneste.


Artikkeltags