Singelen frå Bremanger-bandet Oddny; «Skjønnameina?», høyrest ut som ei blanding av Tønes og Stein Torleif Bjella, både musikalsk og tekstmessig med ei dreiing mot indiepop: Med akustisk gitar og synth i eit nydelig lydbilde.
Ein annan assosiasjon er at det står fram som ei meir smidig og elegant utgåve av bergenske Hjerteslag. Med eit tekstinnhald og ein leveranse som eg aldri har høyrt liknande av før.
Bremanger-dialekt har aldri hatt ein betre klang enn dette- utan at dialekta i seg sjølv betyr så mykje.
Dette er veldig fengande popmusikk, uansett kva dialekt eller kva språkdrakt det hadde blitt levert i . Både tekst og melodi er av veldig høg kvalitet i mine øyrer.
Musikken blir tilgjengeleg på digitale plattformer fredag 2. juni.
«Skjønnameina?» er første singel – og snart kjem det meir