Første dag på lenge utan positiv koronaprøve
Helse Førde analyserte 160 prøver måndag.
(Firda) Ingen av dei 160 analyserte koronatestane måndag var positive. Det melder Helse Førde på sine heimesider.
Det er 14 dagar sidan sist Helse Førde kunne melde om ein dag utan nye smittetilfelle.
Helseføretaket opplyser at tala dei presenterer på sine heimesider ikkje nødvendigvis er endelege tal for Helse Førde sitt område. Prøver teke i området til Helse Førde kan bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.