Mannskap frå Fiskeridirektoratet og Tolletaten kontrollerte reisande på ferjekaia i Risavika ved Stavanger seint fredag kveld. Kort tid før avgangen til Hirtshals i Danmark kom ein varebil med fire tyske statsborgarar.
– Kontrollen av køyretøyet avdekka forsøk på ulovleg utførsel av totalt 164 kilo fisk, opplyser seksjonssjef Sven Asle Aarvik i Tolletaten.
Fisken var fanga hos ei registrert turistfiskebedrift. Dei fire fiskarane hadde deretter filetert fangsten og oppbevarte den i to fryseboksar i varebilen.
Men fangsten ble beslaglagt, og i staden for å forlate Norge med fleire titals gratis fiskemiddagar i bagasjen, blei dei tyske statsborgarane ilagt kvart sitt forenka førelegg på 12.000 kroner.
Dette vedtok dei, og fekk forlate Norge neste dag.
– At Tolletaten og Fiskeridirektoratet samarbeider i slike kontrollar er viktig for å få bukt med smugling av fisk, seier seniorinspektør i Fiskeridirektoratet Nils Johan Stonghaugen, som deltok på kontrollen utanfor Stavanger.
Det er berre dei som fiskar i regi av ei registrert turistfiskebedrift kan ta med seg fisk ut av Norge. For desse er utførselskvoten 18 kilo fisk eller fiskeprodukt. Turistfiskarar skal dokumentere at fisket har gått føre seg i regi av ei registrert turistfiskebedrift når dei tek fisk ut av landet. Men her blei det altså forsøkt å ta med seg meir enn dobbelt så mykje som ein har lov til.
Det var Fiskeridirektoratet som skreiv om hendinga på sine nettsider.