I fjor sjekka Havforskingsinstituttet 13.845 oppdrettsfisk for ulovlege og uønskte stoff. Forskarane fann ingen overskridingar av EUs grenseverdiar.

Instituttet undersøkjer årleg norsk oppdrettsfisk på vegner av Mattilsynet. Overvakinga er eit krav frå EU.

I 2020 blei 13.845 fiskar undersøkte. Mesteparten var oppdrettslaks, men forskarane sjekka også regnbogeaure, kveite, piggvar, røye, torsk og flekksteinbit.

Det blei ikkje funne miljøgifter som dioksin, dioksinliknande PCB, kvikksølv, bly og kadmium over EUs grenseverdi i nokon av prøvene.

– Funna er lik som tidlegare år. Vi fann ikkje restar av verken antibiotika eller andre ulovlege legemiddel, seier forskar Annette Bernhard på instituttet sine nettsider.

Det blei funne restar av lusemiddelet emamectin i éin prøve av oppdrettslaks, men nivået var under grenseverdien.

(©NPK)