Gå til sidens hovedinnhold

Forskar meiner distrikta får småpengar i statsbudsjettet

Landbruksforskar Reidar Almås meiner dei distriktspolitiske løyvingane i framlegget til statsbudsjett er for småpengar å rekne. Han kallar forslaget om å auke CO2-avgifta for ein skikkeleg smell for Distrikts-Noreg.

– Generelt er det eit attkjennande Solberg-budsjett. Det er ikkje nokon store overraskingar. Ein kunne venta at oljepengebruken blei nedskalert, men det blir framleis brukt meir oljepengar no enn i den raud-grøne perioden. Så det er framleis ein betydeleg oljepengebruk, seier forskar Reidar Almås ved forskingsinstituttet Ruralis til Nynorsk pressekontor.

Inga stor distriktssatsing

Almås meiner det ikkje er nokon store distriktspolitiske satsingar i budsjettframlegget.

– Det er nokre positive signal. Satsinga på kontorfellesskap i distrikta og desentralisert utdanning er nokre positive punkt, seier han. Her trur kan det også kan kome påplussingar i Stortinget.

Samanlikna med det historisk mest verksame distriktspolitiske verkemiddelet, differensiert arbeidsgivaravgift, meiner Almås at det som no ligg føre berre er småpengar.

– Differensiert arbeidsgivaravgift kosta 18 milliardar. Dei tiltaka her er minimale i samanlikning. Dei målretta verkemidla i budsjettframlegget er på totalt 1,3 milliardar, og det er lite på eit statsbudsjett på meir enn 1500 milliardar, konstaterer forskaren.

CO2-avgifta råkar distrikta

Almås peikar på at den delen av budsjettframlegget som får størst innverknad på livet i distrikta, er auken i CO2-avgifta. Dette trur han kan lå svært negativt ut.

– Distrikta har allereie høgare bensin- og dieselpris enn byane. Når det då skal leggjast ei ekstra avgift på 30 prosent på toppen av allereie eksisterande CO2-avgift, vil det føre til endå større skilnad mellom by og land. Det er ein skikkeleg smell for Distrikts-Noreg som framleis er svært avhengige av fossilt drivstoff, seier Almås.

Almås trur ikkje dette blir ståande når budsjettet er ferdigbehandla i Stortinget.

– Her må det komme ei endring, seier han.

Vil endre vallova

Det som overraskar Ruralis-forskaren mest i budsjettet, er forslaget om å endre vallova frå 2022. Regjeringa vil at valkrinsane skal samsvare med regioninndelinga, det vil seie fylkesinndelinga.

Almås peikar på at ei slik endring vil ha ein sentraliserande effekt.

– Valforsking har vist at særleg små, men også store parti vil velje å nominere kandidatar frå dei største befolkningssentra i valdistrikta høgt på listene.

– Skal vi halde oppe ein desentralisert representasjon på Stortinget er ikkje denne endringa positiv, seier Almås.

Han trur likevel ikkje at denne endringa vil gå gjennom med stortingsfleirtalet ein har i dag.

Reduksjon til landbruksforsking

I budsjettframlegget går det òg fram at regjeringa vil kutte tilskotet til landbruksforsking med 0,8 prosent samanlikna med budsjettet for 2021.

– Det er eg både skuffa og overraska over. I tida mi som landbruksforskar har løyvingane til landbruk gått opp og opp. Vi har prøvd å levere på det, og difor er det svært overraskande at ei regjering som seier dei satsar på forsking, vil redusere løyvinga.

– Eg håpar det kjem ei påplussing frå Stortinget, seier han

Vil ha meir frå utvala

Regjeringa har i regjeringsperioden sin sett ned fleire utval som har vurdert moglege distriktspolitiske tiltak for å sikre busetnad i bygdene.

– Dei har mellom anna komme med forslag om at det skal vere enkelt å få tak i førarkort og pass i distrikta. Slikt kunne enkelt blitt ordna med statlege servicekontor kor ein kunne få statleg service.

– Dette trur eg er ei lågthengande frukt som ei ny regjering vil gripe fatt i, avsluttar forskar Almås.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken