Etter at regjeringa gav nordmenn råd om å ikkje dra på fritidsreiser, har Gjensidige Forsikring, Europeiske Reiseforsikring og Tryg Forsikring valt å dekke alle avbestillingar.

Dette gjeld alle reiser fram til 26. mars. For reiser etter dette ventar selskapa på oppdaterte råd frå Utanriksdepartementet.

– Vi er midt i ei nasjonal og internasjonal krise, og vi har òg eit ansvar for at alle skal komme seg ut av dette på ein så god måte som mogleg, seier kommunikasjonsrådgivar Andreas Bibow Handeland i Europeiske Reiseforsikring.

Han forklarer at dei har fått rekordmange førespurnader dei siste dagane, med rundt fire gonger så mange som normalt.

Dei som avbestiller må først ta kontakt med reiseselskap, flyselskap og hotell for å finne ut kva som kan refunderast, deretter vil forsikringsselskapa dekke resten.

(©NPK)