Forrykande nyttårskonsert i kyrkja

SOLIST: Gjestesolist Audun Hareide på fiolin fremst til venstre.

SOLIST: Gjestesolist Audun Hareide på fiolin fremst til venstre.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Tradisjonen tru blåste Florø Hornmusikk det nye året i gang den første laurdagskvelden i januar. Og vel blåst var det.

DEL

For tredje året på rad inviterte laurdag Florø Hornmusikk til nyttårskonsert den første laurdagen i januar. Med seg hadde dei Kinn Kyrkjekor. I fullsett kyrkje spelte dei ein times lang konsert. Kinn Kyrkjekor hadde eit eige segment under konserten der dei roa ned med mellom anna "Kyrie" og "Gloria" - songar som både var passande for konsertsalen og for eit kyrkjekor.

Ny tradisjon

Hornmusikken tjuvstarta med tradisjonen i 2010 i høve byjubileet i Florø. To år seinare, då ved inngangen og utgangen av fylkesjubileet som anledning, tok dei opp at stafettpinnen. I fjor hadde korpset sitt eige 125 års-jubileum som var markert. I år derimot er det ikkje eit jubileum å markere, men konserten er allereie godt stadfesta som tradisjon.

- Det er tredje året på rad vi er her. Dette er blitt vår laurdag, seier dirigent Torgeir Halvorsen.

- No er vi her for å bli, seier han.

Strykande gjestesolist

I tillegg til dei klokkereine stemmene i kyrkjekoret, hadde hornmusikken med seg den dyktige fiolinisten og florøværingen Audun Hareide. Hareide har vore tilknytta operaorkester i Sverige, Opera Nordfjord og jobbar no med base ut frå Oslo. De var førse gong Hornmusikken delte scene med fiolinisten.

- Musikarar som Hareide er ei inspirasjonskjelde, så det er utruleg flott for oss å ha han med. Også for musikarane i hornmusikken er det stas. Det ser du på andleta deira når han spelar. Fleire lukka auga og tok til seg kvar tone frå strøka på fiolinen, seier Halvorsen.

Overrekte dirigenten gåve frå "heimesittarane"

Ektefelle til Otto Søvig, Agnes, tok sjansen til å takke dirigenten på vegner av sambuarar, ektefeller, barn, mødre og fedre på slutten av konserten.

- Det er vi som sit heime på tirsdagskveldane og helgene dei øver. Og jammen øver dei mange helger og mange tirsdagar. Det er óg derfor dei er blitt så utruleg dyktige. I dette høvet skal vi overrekke dirigenten ei lita gåve for oss heimesittarane, sa ho før ho gav Halvorsen ein brun pose.

Halvorsen opna gåven med ein gang og kunne vise fram to heimestrikka ullsokka til publikums latter og applaus.

- Du får bruke dei når de sit seine kveldar og frys på føtene, og de googlar på ditta nettet etter alsakens melodiar og komposisjonar, avslutta ho.