Mange norske kommunar har no meldt seg på i kampen for å få den nye batteri-fabrikk satsinga til Equinor, Panasonic og Hydro. Fabrikken skal mellom anna lage batteri til elbilar, og aktørane bak har invitert alle norske kommunar og regionar til å komme med forslag og konsept for ei slik etablering. Fristen til å melde seg på går ut i morgon, torsdag 28. januar.
Ein rekke kommunar i regionen har allereie meldt si interesse. Kinn kommune ønsker fabrikk i Florø, Bremanger kommune ønsker fabrikk på eit område tidlegare sett av til utvikling av Bremanger base, og Sunnfjord og fleire samarbeidskommunar ønsker den på Moskog.
Onsdag kveld skal politikarane diskutere om Kinn faktisk skal melde seg på kampen om batterifabrikken. Ei prosjektgruppe er i sving med saka, og har utgreidd kommunen sitt svar på krava frå fabrikketablerarane. Prosjektgruppa meiner Florø har både areal nok, straum nok, vatn nok, at viktig logistikk allereie er på plass, og at ein har potensiale for nye husvære til mange fleire enn dei 2.000 tilsette fabrikken vert sagt å skulle ha.
Du kan sjå kommunen si direktesending frå møtet her, frå klokka 19.00 onsdag kveld: Kinn formannskap